Historisk satsing fraa Asbjoerg Giske
ETTERSPØRSEL: Maritimt Magasin har mykje historiske stoff, men lesarane spør etter meir. Difor lanserer Asbjørg Giske eit nytt historiemagasin.
Nytt

Historisk satsing frå Asbjørg Giske

Der andre redaktørar satsar digitalt, går Asbjørg Giske for papir. Lanserer maritim historiemagasin.

21.04.2015
Månadsmagasinet Maritimt Magasin får ein avleggar, Maritim Magasin Historie.
Artikkelen blir oppdatert
-Vi er svært glade for å sjøsette vårt nye historieblad og stolte over at vi frå vårt kontor i Brattvåg no gir ut to riksdekkande magasin, seier Asbjørg Giske.
Ho er både eigar, dagleg leiar og ansvarleg redaktør.
- Det er veldig stor interesser for histore, og det er ikkje noko som er spissa mot det maritime. Mange spør etter meir historiske stoff, seier Giske.

Fire utgåver

Maritimt Magasin Historie skal kome ut fire gongar årleg, med Kim Idar Giske - son av Asbjørg - som redaktør. Det første nummeret er på 100 sider og trykt i 11.000 abonnentar. Magasinet er snart på veg til dei rundt 5000 abonnentane av Maritimt Magasin og resten skal seljast i laussal.
Første utgåve ha mellom anna intervju med sjømann Roald Evensen frå Trøndelag som var en del av etterretningsnettverket Delfinus, som sanka etterretninginformasjon for Noreg, Storbritannia og USA i den kalde krigen.

Etterretning i Kina

Evensen samla informasjon på Kina-kysten, og fotograferte.
- Det var først og fremst kystfort dei var interesserte i, militærfarty og verft. Det er utvilsomt at det var farleg, men det tenkte ingen på, seier Evensen.
Abonnentane av Maritimt Magasin får det siste historiske magasinet med på kjøpet, men det blir og råd å abonnener på det historiske magasinet for seg. I tillegg skal magasinet seljast i laussal og går alt som Giske vonar blir opplaget for det historiske magasinet større enn for det opphavlege magasinet,
Giske har bygd opp og leier ei bedrift som har hatt god lønsemd i fleire år. Også 2014 gikk bra (sjå tabell), overskotet blei litt svakare enn i 2013, men det skuldast at 2013 var eit år med ekstraordinærer låge kostnadar fordi folk var ute i permisjon. Med normale bemanning kom overskotet til å gå litt ned, sa Giske då NETT NO snakka med henne etter at 2013-tala var klare i fjor.

Familiebedrift

Historia til Maritimt Magasin starta i 1987 som "Fiskeflåtens leverandøravis".
Verksemda er i høgste grad ei familiebedrift. Staben er oppe i ni personar - fem av dei i Giskefamilien.
I tillegg kjem ei rekkje frilans-skribentar.
Den mest nærliggande konkurrenten er Skipsrevyen, som kjem ut i Bergen, med Sævikfamilien i Fosnavåg som 50 prosent eigar.


Publisert: 21.04.2015 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43