Hit reiser nordmenn i jula
KRABI: Mange nordmenn føretrekker strand framfor snø i juleferien. Krabi i Thailand er blant favorittreisemåla for nordmenn i jula. 
Nytt

Hit reiser nordmenn i jula

For mange er jul synonymt med snø, juletre og ribbe. Men mange reiser utanlands i jula.

16.12.2019
NPK-NTB-Fredrik Moen Gabrielsen: Thailand og Kanariøyane tronar øvst som favorittreisemål for nordmenn.
Ifølgje tal frå Virke planlegg 33 prosent av nordmenn å ta juleferie i år. Av desse seier 16 prosent at dei skal halde til i utlandet i jula – mange av dei i varmare strøk.
– Reiselysta er like stor som tidlegare, samtidig som stadig fleire av oss er opptatt av at reisene våre skal vere så grøne og ansvarlege som mogleg. Jula fell slik i år at alt ligg til rette for å kunne ta ein lengre tur. Tar ein nokre ekstra fridagar, kan ein sitje igjen med to veker ferie, seier leiar for Virke reise, Astrid Bergmål, til NTB.
For nordmenn som vil byte ut snø med strand, er det Thailand og Kanariøyane som er dei klare feriefavorittane. Reisemål som ligg like bak, er Sverige, Vietnam og Storbritannia.

Familietur til utlandet

Ifølgje turoperatøren Ving er juletala deira stabile, og dei opplyser at dei har om lag like mange reisande i juleferien i år som tidlegare år.
– Det er ei overvekt av folk over 50 som reiser bort i jula, men vi ser samtidig at det òg er fleire barn, så sannsynet for at også mange storfamiliar drar på tur saman i jula, er stor. Eg trur hovudårsaka til at mange reiser bort, er at dei har fridagar som dei ønsker å nytte til ein liten ferie og samtidig vere saman med venner og familie, opplyser informasjonssjef Siri Røhr-Staff i Ving til NTB.
Røhr-Staff trur at dei som reiser utanlands i jula, har som tradisjon å reise tilbake til dei same stadene kvart år. Mange av deira reisande legg juleferien til Mauritius og Maldivane.

Thailand skyt i vêret

Nesten halvparten av dei som skal reise med turoperatøren Apollo i jula, skal reise til Gran Canaria, ifølgje informasjonsansvarleg Beatriz Rivera.
– Hos oss er Thailand til dømes opp 48 prosent samanlikna med fjoråret, medan Krabi i Thailand isolert sett har ein auke på heile 65 prosent. Denne auken såg vi allereie tendensar til i fjor, men i år har han altså skote i vêret. Thailand er definitivt populært, og det er ikkje så overraskande, opplyser Rivera til NTB.
Rivera trekker òg fram Tenerife, Emiratane og Lanzarote som soleklare julefavorittar blant dei som reiser gjennom dei.
30 prosent seier til Virke at dei planlegg å reise til familie og venner i jula, og 93 prosent seier at dei meiner familie er det aller viktigaste i jula.
– Uavhengig av kvar ein vel å feire jula, er kvalitetstid med våre næraste viktig for oss i juleferien, understrekar Bergmål.
Det er ei overvekt av folk over 50 som reiser bort i jula

Publisert: 16.12.2019 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47