Hjelper og lyttar til koronaramma bedrifter
NYE TILTAK: Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge i Møre og Romsdal kan hjelpe koronaramma bedrifter. Nye tiltak blir vedteke i statsråd på fredag. 
Nytt

Hjelper og lyttar til koronaramma bedrifter

Næringslivet på Nordvestlandet møter utfordringar på tre frontar, påpeiker Helge Gjerde i Innovasjon Norge. No blir det rulla ut livbøyer for å møte utfordringane.

Marius Rosbach
25.03.2020
Innovasjon Norge sine tilsette ved avdelingane i Ålesund, Molde og Kristiansund har hektiske dagar - sjølv om jobben gjerast frå heimekontor.
Dei skal vere regjeringas lyttepost for å vite kvar skoen trykker for lokalt næringsliv. Samtidig skal dei kome fram til løysingar saman med bedriftene.
– Næringslivet her er ikkje berre eksponert for korona, men mange bransjar er også utsett for lågare oljepris og ei svekka krone. Alt dette kjem oppå kvarandre og rammar næringane våre på ulike måtar, seier regiondirektør Helge Gjerde for Innovasjon Norge i Møre og Romsdal til NETT NO.

Mest akutt i reiseliv

Gjerde fortel at situasjonen er mest akutt for ein del bedrifter innan reiselivet.
– De som jobbar med overnatting, opplevingar, servering og kreative kulturtilbod er veldig direkte råka, seier han.
Samtidig som inntektsstraumen forsvann over natta, har dei fleste kostnadar som held fram. Mange av bedriftene er også små verksemder, og har knapt med oppbygd kapital.
– Dei er bekymra for både dei korte- og langvarige konsekvensane. Vi nærmar oss sommaren og mange er redd heile sesongen blir ramma, seier han.

Kan søke utsetting på avdrag

Innovasjon Norge sendte denne veka ut melding om at bedrifter no får lettare tilgang til deira pott på sju milliardar kroner. Tiltaka gjeld rentekutt, utsetting på avdrag og endra reglar for tilskott og lån.
Koronaramma bedrifter kan no søke om utsett avdrag samtidig som renta på lån settast ned. I ei Innovasjon Norge sendte ut denne veke, blir det opplyst at dei i hovudsak seier ja til eitt års utsetting av avdrag.
– I statsråd komande fredag vil regjeringa vedta nye tiltak der Innovasjon Norge reknar med at vi skal spele ei sentral rolle, seier Gjerde.

– To tankar i hovudet samtidig

Tiltaka er eit ledd i styresmaktene sin strategi om å betre likviditeten hos elles levedyktige bedrifter.
– Likviditeten er den største utfordringa for dei fleste her og no. Men vi må ha to tankar i hovudet samtidig. Vi skal løyse situasjonen vi er oppe i no, og i den andre enden skal vi ha bedrifter som er godt posisjonert etterpå, seier Gjerde.
Trass i at det kan vere utfordrande, meiner han difor det er viktig å halde fram med kompetansetiltak og forskings- og utviklingsarbeid.

Betre i fisk og sjømat

I fisk- og sjømatindustrien er situasjonen langt betre. Delar av næringa nyter per i dag godt av valutasituasjonen og får bra betalt for produkta sine.
– Men dei har sine utfordringar med logistikken, seier Gjerde.
Den europeiske marknaden tek unna mykje av den norske fisken, men tilgangen til dei asiatiske og amerikanske marknadene har blitt vanskeleg.
– Dei oversjøiske marknadene er sterk ramma, og i sjømat er det generelt ein frykt for korleis prisutviklinga blir, fortel han.

Utfordrande

for verfta

Verftsnæringa og den maritime industrien har vore gjennom nokre tøffe år etter at oljeprisen stupte frå 2014. Mange har vore nøydd til å omstille seg og kome inn på nye marknader.
– Ein betydeleg del av kapitalen i næringa er brukt i den prosessen. Mange såg no moglegheita til å få kurva på lønnsemda rett veg, seier Gjerde.
Fleire av verfta har mykje å gjere, men dei har utfordringar med få logistikken til å gå opp både med tilsette og varer. Karantenereglar gjer det allereie vanskeleg å få tilsette på plass i rett tid.
– Per i dag har vi inntrykk av at dei handtere situasjonen, men vi er bekymra for korleis verknadene blir på sikt, seier han.

Publisert: 25.03.2020 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54