Dimo einar warholm stian garnes
HØGT OPPE: Dagleg leiar Stian Garnes (t.h.) og sal- og marknadssjef Einar Warholm kan sjå tilbake på eit rekordår i fjor. Dimo har tredobla inntektene siste fire åra, etter suksess med ei energieffektiv og støysvak hydraulikkøysing som først fekk gjennomslag i ferjesektoren. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Åtvarar mot hamstring som går ut over alle

Dimo mot nye høgder etter rekordår, men merkar leverandørutfordringar.

Marius Rosbach
10.05.2022

Hareid-bedrifta Dimo la på alle måtar bak seg eit nytt rekordår i fjor. Både omsetning, overskot og lønnsemd er sterkare enn nokon gong (sjå tabell under).

Også ordreboka har den siste tida vore all time high, med 82 millionar som ei førebels toppnotering.

– No er vi nede på kring 75 millionar etter at vi starta året med litt over 60 millionar. Så vi har gjort eit bra sal i år også, kan dagleg leiar Stian Garnes fortelje til NETT NO.

Vil ikkje bidra til å forsterke problema
Utfordringar i leverandørkjeden som følgje av pandemi og krigen i Ukraina, har blitt eit problem for mange. Delvis som følgje av salsutviklinga - men også som eit grep for å møte utfordringane, har Dimo auka varelageret.

– Vi har klart oss ganske bra så lagt og klarar stort sett å få tak på det vi treng, seier Garnes.

Dimo-sjefen påpeiker at dei er bevisst på å ikkje bidra til å forsterke problema.

– Vi ønsker ikkje å vere med på ei hamstring. Det vil gi enno større problem i marknaden. Vi diskuterer også den problematikken med leverandørane, og fleire har innført avgrensingar på bestillingar, fortel han.

Vi ønsker ikkje å vere med på ei hamstring
Stian Garnes
Dimo
Tal i mill. kroner
2021
2020
Driftsinntekt
144,3
115,6
Driftsresultat
19,9
10,2
Resultat før skatt
19,6
10,2

Gjennomslag i fleire marknader
Dimo har hatt stor suksess med ei energieffektiv og støysvak hydraulikkøysing kalla Dimo Eco Power Unit.

Etter gjennomslag i ferjemarknaden, har dei no teke steget over til fiskebåtar og merkar auke etterspurnad til brønnbåtar og servicebåtar til oppdrett.

– Vi har vore heldige med desse løysingane og kome inn på fleire marknader. Samtidig klarer vi å omsette for vesentleg meir med om lag same lønnskostnader. Då blir resultatet godt, kommenterer Garnes.

Tredobla inntekter på fem år
Dei fem siste åra har Dimo tredobla inntektene - og omsetninga i fjor enda på drygt 144 millionar (sjå tabell under).

Det var ei ny auke på kring 25 prosent frå året før, og i årsrapporten skriv leiinga at fleire av marknadene framleis har god utvikling. Eit overskot før skatt på nær 20 millionar, gir også ein resultatmargin på rekordhøge 13,5 prosent.

Vekst ved Ålesund-avdeling
Dimo hadde 40 årsverk i arbeid i fjor og har auka litt så langt i år. Dei fleste jobbar ved hovudkontoret på Hareid. Men dei har også serviceverksted i Ulsteinvik og Ålesund.

– Vi oppretta ein slangeverkstad i Breivika for nokre år sidan for å vere nærare kundane våre der. Dei har vore med på veksten og hatt ein fin utvikling, fortel Garnes.

I dag er to tilsette i arbeid ved Ålesund-avdelinga, og Garnes fortel at dei ser for seg å utvide med ein til.

Nye millionar i utbyte
Dimo har tidlegare vore forsiktige med å ta utbytte, men Garnes fortalde til NETT NO i fjor at dei var blitt råda til å gjere det i gode år.

Dei fem eigarane - Garnes sjølv, Asbjørn Pilskog, Harry Magnus Tingvoll, Joar Øvrelid og Ingrid Dybhavn/Nils Petter Haddal – tek difor ut nye fem millionar etter rekordresultatet i fjor.

Av årsresultatet på drygt 15 millionar, går ti millionar til å styrke eigenkapitalen som no er på drygt 31 millionar. Samla gjeld var på 60 millionar ved utgangen av 2021, ifølgje årsrapporten.

Publisert: 10.05.2022 04:59

Sist oppdatert: 10.05.2022 15:26

Mer om