Roger hofseth raudbergvika 11 17ffed96558f9fdb66f4e129c9314ecb
FÅR STRAUM: Roger Hofseth vil bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika ved Storfjorden. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Hofseth-anlegg har fått straumgaranti

Kom gjennom nålauget hos Statnett.

02.02.2024

Oppdrettselskapet Hofseth Aqua har fått ja frå Statnett på søknaden om å få levert straum til det landbaserte oppdrettsanlegget selskapet planlegg i Raudbergvika i Fjord kommune.

Planen er å bygge anlegget inn i tunellar i fjellet, der det tidlegare vart drive utvinning av olivin.

Eit slikt anlegg treng straum, og Hofseth Aqua søkte - og fekk ja - til til ein kapasitet på 62 MW.

Planen er at oppdrettsanlegget skal kunne knyttast til kraftnettet 1. januar 2028, truleg med ein sjøkabel ifølgje selskapet.

Tre av 30
Av i alt 30 søkjarar til å få tildelt meir straum er det berre Hofseth Aqua (62 MW), Ålesund Havnevesen (6,5 MW) og Norwegian Hydrogen (20 MV) som har fått ja.

27 andre søknadar er blitt sett på venteliste, mellom dei den andre og store søknaden frå Norwegian Hydrogen, som ønskte seg ytterlegare 250 MW kapasitet for å bygge eit langt større anlegg for produksjon av hydrogen enn selskapet kan gjere med 20 MW kapasitet,

Trekt motsegn
I løpet av den siste veka har det kome fram at statsforvaltaren og fylkesadministrasjonen har trekt nokre av sine motsegner mot anlegget i Raudbergvika.

I tillegg har fylkeutvalet i Møre og Romsdal gått in for at anlegget kan byggast.

Men statsforvaltaren protesterer framleis på korleis oppdrettsanlegget inne i fjellet vil påverke forholdet til verdsarvområdet.

Publisert: 02.02.2024 09:53

Sist oppdatert: 02.02.2024 09:58