– Dette var svært gode nyheiter
Hofseth-konsernet har trua på at kjempesatsing i Storfjord blir realisert, etter grønt lys frå fylkespolitikarane.
– Dette var svært gode nyheiter, seier Svein Flølo som leiar forretningsutviklinga i Hofseth International, på vedtaket til fylkespolitikarane måndag.
Fylkesutvalet gjekk måndag inn for å trekke protestane både i høve vasskvalitet og verdsarv, som tidlegare har vore mot Hofseth International sine planar om eit landbasert oppdrettsanlegg i Storfjorden.
– Vi er veldig glade for dette vedtaket, som truleg vil lette den vidare prosessen, seier han.
Statsforvaltaren protesterer framleis
I løpet av den siste veka har det kome fram at statsforvaltaren og fylkesadministrasjonen har trekt nokre av sine fråsegn mot anlegget i Raudbergvika.
Men statsforvaltaren protesterer framleis på korleis oppdrettsanlegget inne i fjellet vil påverke forholdet til verdsarvområdet.
Flølo meiner vedtaket i fylkesutvalet svarar ut noko av det statsforvaltaren har protestert mot.
– Har trua på at dette skal gå vegen
I vedtaket frå fylkesutvalet blir det understreka at Raudbergvika blei halde utanfor verdsarvområdet då søknaden om dette blei sendt – nettopp fordi det framleis skulle vere regulert til næringsområde.
Politikarane viser også til at det skal vere høgare terskel for å seie nei til tiltak av vesentleg samfunnsnytte – og at dei negative sidene ved tiltaket er «særs begrensa» samanlikna med dei positive.
– Vi har trua på at dette skal gå vegen og har tenkt til å bygge dette anlegget, seier Flølo til om vegen vidare.
Fjord-ordførar trur på løysing
Fjord-ordføraren har gått ut og gitt uttrykk for at ho er skuffa over protestane frå statsforvaltaren.
– Vi er samd med ordføraren som meiner at statsforvaltaren i for liten grad tek omsyn til den næringsutviklinga som slike bygdesamfunn er avhengige av, seier Flølo.
Kommunen meiner likevel er det mogleg å kome i mål med reguleringsplanen, og bur seg på mekling hos statsforvaltaren om saka.
– For oss er dette uansett eit skritt i rett retning. Det er også viktig å påpeike at dette er planar om ei trinnvis utbygging, der ein mellom anna vil kunne følgje utviklinga av utslepp undervegs, påpeiker Flølo.
Publisert: 29.01.2024 15:53
Sist oppdatert: 29.01.2024 16:31