Roger Hofseth 2020 foto Ogne
TIL USA: Korona forseinka framdrifta i avtalen med det amerikanske helsekostselskapet Garden of Life, men i dag kan Hofseth Biocare-sjef Roger Hofset fortelle at den første leveransen er avtalt. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børshopp etter USA-gjennombrot

Hofseth Biocare opp over sju prosent.

31.03.2021

Hofseth Biocare har fått den første bestillinga frå den amerikanske helsekostkjeda Garden of Life.

Meldinga sende aksjekursen i Hofseth Biocare opp over ni prosent.

Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restråstoff frå lakseslakteri, til protein-, kalsium- og omerga 3-produkt.

Les børsmelding her

Gjennombrot
Hofseth Biocare i Ålesund offentleggjorde i juni 2019 ein intensjonsavtale med Nestlé-selskapet Garden of Life.

Då sa Hofseth Biocare-sjef og storaksjonær Roger Hofseth at avtalen ville gi plussresultat til Hofseth Biocare, om den blei bindande.

Koronapandemien forseinka avtalen, men no har Hofseth Biocare altså fått den første bestillinga frå Garden of Life, på proteinprodukt som skal vere ingrediensar i Garden of Life-produkt.

Kursrakett
Intensjonsavtalen med Garden of Life i 2019 løfta aksjekursen i Hofseth Biocare fraå rundt 2,50 til 10,78 kroner frå juni tilnovember 2019.

Klokka 10:52 i dag er kursen 9 kroner per aksje, opp 7,9 prosent frå då børsen stengte i går.

Den kursen verdset selskapet til 2,3 milliardar kroner.

Publisert: 31.03.2021 10:56

Sist oppdatert: 31.03.2021 11:02