Hotel Alexandra vil tilsetje fleire
BYGGJER HUS: Saman med Nordfjord Kjøtt byggjer Hotel Alexandra-sjef Richard Grov (t.v) ut rundt 30 leilegheiter i Loen. Her er han i samtale med dagleg leiar for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Geir Steinar Vik.
Nytt

Hotel Alexandra vil tilsetje fleire

Hotel Alexandra og Nordfjord Kjøtt byggjer rundt 30 nye leilegheiter i Loen.

09.06.2016
- Vi treng bustadar, seier hotelldirektør Richard Grov.
Dei 12 første husvera er alt lagt ut for sal.
I første byggesteg, som omfattar ombygging av tidlegare Loen Hotel, er det snakk om ei investering på rundt 30 millionar kroner. Andre byggesteg, som vil vere eit nybygg, er ei investering på rundt 15 millionar kroner, i følgje Grov.

Aukar arbeidsstokken

Både Nordfjord Kjøtt og Hotel Alexandra planlegg auke i arbeidsstokken framover, og det er ein av grunnane til at dei to bedriftene byggjer bustadar i Loen.
Hotellselskapet og Nordfjord Kjøtt byggjer ut gjennom eit 50/50-eigd eigedomsselskap.
Loen Hotel ligg like ved campingplassen i fjordbotnen, og vart opphavleg bygd som ei kro tidleg på 60-talet og vart etterkvart utvida til eit 24-roms hotell. No har det ligge brakk i fleire år. Når bygget er fullt ombygd vil det omfatte åtte nye leilegheiter i tillegg til dei 12 som no er klare for sal.
Nybygget som er planlagt vil romme mellom åtte og 12 husvere.

Valuta-løft i 2015

Valutautviklinga gjorde det rimlegare for utlendingar å kome til Noreg i fjor.
Hotel Alexandra-konsernet, som og omfattar sesonghotellet Hotel Loenfjord og arrangement- og aktivitetselskapet Loen Active hadde ein auke i besøket frå nesten alle land (unntaket er Brasil). Besøket frå Spania auke med 15 prosent. Spanske turistar var den største gruppa utanlandske turistar i fjor og sto for 8,2 prosent av det samla besøkte.
Reisande frå Kina og Taiwan dobla seg samanlikna med 2014 og utgjorde 5,9 prosent av besøket i fjor.
Nordmenn utgjorde 63,3 prosent av dei som overnatta på hotella i Loen i fjor. Det er ein reduksjon på tre prosent samanlikna med 2014.

Likt med fjoråret

Så langt i år ligg konsernet an til å nå om lag same driftstinntekter og lønsemd som i fjor i følgje Richard Grov.
Han meiner størsteparten av veksten på grunn av ein gunstig valutakurs kom i fjor, og at verknaden blir mindre i år.


Publisert: 09.06.2016 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57