I starten av august 2024 stilte bransjeorganisasjonen Fiskebåt spørsmål spørsmål til Nærings- og fiskeridepartementet om Fiskeridirektoratet si godkjenning av eigarendringa i Aker Biomarine.
Det skjedde etter at eit fond sett opp av det amerikanske investeringsselskapet American Industrial Partners, blei eigar i Aker Qrill Company - eit selskap skilt ut frå Aker Biomarine.
Spørsmålet frå Fiskebåt er om den reelle kontrollen over krillkonsesjonane er eigd av utlendingar - og om det er i strid med deltakarlova - som krev at kontrollen skal vere på norske hender.
Etter det har fiskeri- og næringsminister Marianne Sivertsen Næss sagt at departementet vurderer avgjerda til Fiskeridirektoraret.
Svaret er det same
No har ho fått eit skriftleg spørsmål om saka frå stortingsrepresentant Helge Orten (H) og svaret er det same:
"Departementet har på bakgrunn av senere henvendelser besluttet å se nærmere på denne saken, men det er ennå ikke trukket noen konklusjoner. Ettersom dette er en pågående sak i departementet, kan jeg ikke gi ytterligere kommentarer til sakens innhold.", skriv ho i svaret til Orten.
Stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp, som også stilte spørsmål om Fiskeridirektøroratet sin godkjenning av eigarendringane har fått eit svar svært likt svaret til Orten:
"Når det gjelder eierendringen i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som representanten stiller spørsmål ved, og som Fiskeridirektoratet godkjente 3. juli i fjor, så har departementet besluttet å se nærmere på saken, men det er ennå ikke trukket noen konklusjoner. Ettersom dette er en pågående sak i departementet, kan jeg ikke gi ytterligere kommentarer til sakens innhold."
Ingen innvendingar
Stortingsrepresentant Jenny Klinge har spurt fiskeri- og havministeren om erverversløyvet for den omstridde krilltrålarne som opphavleg vart bestilt av Stig Remøy-dominerte Rimforst, men som no er under ombygging i Tyrkai for Aker Qrill Company.
"Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?", spurte Klinge.
Departementet hadde ikkje innvendinggar mot at ervervsløyvet vart gitt, går det fram av svaret:
"Dette vedtaket byggjer på ein søknad frå Aker BioMarine Antarctic AS til Fiskeridirektoratet som deretter orienterte departementet om søknaden før den vart handsama. Departementet har ikkje hatt innvendingar mot at direktoratet har handsama denne søknaden om erstatningsløyve til nybygg og fatta vedtak 28. februar 2025, sjølv om departementet samtidig ser nærare på dei eigarendringane i krillselskapet Aker BioMarine Antarctic AS som Fiskeridirektoratet godkjende i fjor sommar. Ettersom saka om eigarendringar er ei pågåande sak i departementet som vert handsama i medhald av forvaltningslova og anna relevant regelverk, kan eg ikkje gje ytterlegare kommentarar, korkje om prosess eller innhaldet i saka."
Publisert: 04.06.2025 15:10
Sist oppdatert: 04.06.2025 15:10






