Nytt
Hovudtillitsvald: Utan allmengjering stoppar rekruttering
Dersom Jan Emblemsvåg hadde fått det som han ville hadde det allereie vore slutt på rekrutteringa av nordmenn til skipsbyggingsindustrien. Dessutan hadde det vore uråd å få dyktige fagfolk frå utlandet på grunn av lave lønningar, meiner Arne Otto Rogne, konserntillitsvald i Vard og styremedlem i Maritimt Forum Nordvest.
13.11.2018
Rogne reagerer sterkt på synspunkta Jan Emblemvåg kjem med i eit intervju og eit innlegg i NETT NO, der Emblemsvåg kritiserer allmenngjeringsordninga som har lovfesta norske tariffvilkår for utanlandske arbeidarar på norske verft.
- Eg blir meget provosert, det blir eg. Det er brei politisk semje om at vi skal ha eit organisert, seriøst arbeidsliv i Noreg. Allmengjering er med på å sikre at dei som jobbar i Noreg skal ha ei anstendig løn, seier Rogne.
Men dersom lønningane til utanlandske arbeidarar skal ned, kjem det ikkje til å bli lett å få tak i kvalifisert utanlandsk arbeidskraft heller. Då har dei alternativ som er meir attraktive, slik Rogne ser det. Verfta kan ikkje berre leige inn folk fordi dei er billege.
- Viss du trur at flinke fagfolk vil kome frå Polen og jobbe for 40-50 kroner timen så må du tru om igjen, seier Rogne.
Hadde Emblemsvåg fått det som han ville, og allmenngjeringa ikkje hadde blitt vedtatt hadde rekrutteringa allereie tørka inn og grunnlaget for utdanningstilbodet inn mot den maritime industrien vore kraftig forvitra.
- Då ville ingen søkt seg til den bransjen, seier Rogne.
I eit intervju med NETT NO sommaren 2014, like før oljeprisen fall, var Rogne uroa over den høge andelen leigearbeidarar i verftsindustrien.
Nordmenn hamna i stor grad i leiande stillingar og kompetansen i bedriftene blei svekka fordi verfta hadde få eigne tilsette i sjølve produksjonen.
- Eg meiner det burde vere fleire fast tilsette. Skal vi klare å oppretthalde kompetansen lokalt er vi nøydd til å ha nokon som kan videreføre den kompetansen, sa Rogne.
- Eg blir meget provosert, det blir eg. Det er brei politisk semje om at vi skal ha eit organisert, seriøst arbeidsliv i Noreg. Allmengjering er med på å sikre at dei som jobbar i Noreg skal ha ei anstendig løn, seier Rogne.
Får ikkje folk frå utlandet
I dag er det stigande etterspørsel etter folk til verfstindustrien og Rogne seier det ikkje er råd å rekruttere nok folk i Noreg til å sikre kapasitet til å ta toppane i produksjonen.Men dersom lønningane til utanlandske arbeidarar skal ned, kjem det ikkje til å bli lett å få tak i kvalifisert utanlandsk arbeidskraft heller. Då har dei alternativ som er meir attraktive, slik Rogne ser det. Verfta kan ikkje berre leige inn folk fordi dei er billege.
- Viss du trur at flinke fagfolk vil kome frå Polen og jobbe for 40-50 kroner timen så må du tru om igjen, seier Rogne.
Slutt på rekruttering
Allmenngjeringa av tariffavtalar - som betyr at tilsette minst har krav på minsteløna i tariffavtalane - sikra at norsk skipsbyggingsindustri framleis rekrutterer norsk ungdom inn i bransjen.Hadde Emblemsvåg fått det som han ville, og allmenngjeringa ikkje hadde blitt vedtatt hadde rekrutteringa allereie tørka inn og grunnlaget for utdanningstilbodet inn mot den maritime industrien vore kraftig forvitra.
- Då ville ingen søkt seg til den bransjen, seier Rogne.
Uroa for innleige
Rogne meiner det er kritisk for verfta å oppretthalde norske tilsette i alle ledd. Den kompetansen går tapt om Emblemsvåg får det som han vil, meiner han.I eit intervju med NETT NO sommaren 2014, like før oljeprisen fall, var Rogne uroa over den høge andelen leigearbeidarar i verftsindustrien.
Nordmenn hamna i stor grad i leiande stillingar og kompetansen i bedriftene blei svekka fordi verfta hadde få eigne tilsette i sjølve produksjonen.
- Eg meiner det burde vere fleire fast tilsette. Skal vi klare å oppretthalde kompetansen lokalt er vi nøydd til å ha nokon som kan videreføre den kompetansen, sa Rogne.
Viss du trur at flinke fagfolk vil kome frå Polen og jobbe for 40-50 kroner timen så må du tru om igjen
Publisert: 13.11.2018 12:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28