Nytt
Hurtigruten testar nytt drivstoff
Hurtigruten testar no biodiesel på MS Polarlys, og trur på 95 reduksjon i CO2-utslepp.
30.10.2019
NPK: – Biodiesel kan på sikt stå for ein reduksjon av CO2-utslepp på så mykje som 95 prosent samanlikna med tradisjonelt marint drivstoff.
- Men for at dette skal vere mogleg må styresmaktene på bana med insentiv som gjer det enklare for selskapa å faktisk velje det mest miljøvennlege alternativet, seier konsernsjef i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, i ei pressemelding.
Hurtigruten har lenge jobba for eit internasjonalt forbod mot tungolje.
– Hurtigruten ønskjer internasjonalt forbod mot bruk av billig, forureinande tungolje i heile Arktis, og langs heile norskekysten. Etter å ha segla i desse havområda i 125 år ser vi ingen andre moglegheiter. Det gir ingen meining å skape meir forureining og auke risikoen for utslepp og øydeleggingar i område som treng mindre. Men vi treng gode alternativ, seier Skjeldam.
Biodiesel kan lagast frå ei rekke ulike kjelder, som til dømes avfall frå matlagingsolje, mais, soya, kveite, raps, tallolje eller palme. All biodiesel Hurtigruten brukar er sertifisert, og også fri for palmeolje.
– Vi er heilt i startgropa når det gjeld bruk av biodiesel i shipping-industrien. Vi ønskjer å flytte grensene og lære meir om ytinga, levering og produksjon og ta styresmaktene inn i arbeidet med å støtte denne transformasjonen, seier Skjeldam.
Kostnadene ved biodiesel er større enn fossilt drivstoff og er forventa å bli det på kort sikt.
– Biodrivstoffpolitikken er klimapolitikk. Biodrivstoff bidrar til å redusere utsleppet frå norsk transport. Då må vi leggje til rette for at det både kan produserast meir biodrivstoff, og at det blir overkommeleg for bransjen både med tanke på kostnader og logistikk å ta miljøvennlege val, seier konsernsjef Kristine Vergli Grant-Carlsen i St1 som leverer drivstoffet, i pressemeldinga.

Vi er heilt i startgropa når det gjeld bruk av biodiesel i shipping-industrien
Publisert: 30.10.2019 18:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43