Robert Haugen hexagon Purus Maritime foto Marius 11
FERDIG HYDROGENSYSTEM: Dagleg leiar Robert Haugen i Hexagon Purus Maritime framfor hydrogensystemet om skal om bord på skuleskipet Skulebas. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kvar tok det grøne skiftet vegen?

Energikrise, auka kostnadar og politisk skepsis har bremsa overgangen frå olje, gass og kol. Men det finst lyspunkt.

Marius Rosbach
25.12.2025

Overgangen til løysingar med lågare utslepp av klimagassar har møtt motbør dei siste åra. 

Russland sin invasjon av Ukraina med påfølgjande energikrise, renteauke og dyrare finansiering av klimatiltak er mellom årsakene til at den politiske motstanden mot eit grønt skifte har blitt sterkare. 

I den maritime industrien har fleire prosjekt med å bygge skip drivne av hydrogen eller ammoniakk blitt skrinlagde – iallfall inntil vidare. Lågare etterspurnad frå marknaden har mellom anna ført til at Hav Group i starten av 2025 trappa ned si satsing på hydrogen. 

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 

– Ikkje villige til å betale det det kostar 
Møre Trafo, Skandinavias største produsent av transformatorar og nettstasjonar, melde om lag samtidig at elektrifiseringa synest å ha stoppa litt opp. 

Betalingsviljen blant kundane i fleire bransjar verkar heller ikkje oppløftande sett frå eit klimaperspektiv. 

– Kundane er i dag ikkje villige til å betale det det kostar å køyre på hydrogen, eller batteri, sa dagleg leiar og eigar Rolf Olav Tenden i transportselskapet Tenden til NETT NO sommaren 2025. 

Legg på manglande teknologiutvikling, brems for batterifabrikkar og havvind og manglande tilgang på kraft for fleire «grøne» prosjekt – så dannar det seg eit tydeleg bilde: Det grøne skiftet har på mange måtar skjedd med handbrekket på dei siste åra. 

More Trafo vikling foto Marius
STOPPA OPP: Møre Trafo har hatt kraftig vekst i fleire år, men opplevde i 2025 at elektrifiseringa stoppa litt opp. Foto: Marius Rosbach

Hydrogenselskap merkar bremsen 
Hexagon Purus Maritime er mellom dei som har merka at det grøne skiftet har teke lengre tid enn ein trudde. Selskapet har spesialisert seg på leveransar av tankar og system for å bruke hydrogen om bord på skip. Alle pilene peikte oppover då selskapet starta opp i 2021. 

– Tempoet har ikkje vore så høgt som vi venta, erkjenner dagleg leiar Robert Haugen. 

Tempoet har ikkje vore så høgt som vi venta
Robert Haugen

Sjølv om han gjerne hadde sett at ting gjekk raskare, har utviklinga sine fordelar. 

– Det har gjort at vi har utvikla oss ved å bygge stein på stein, i staden for at det var fullstendig klondyke frå dag ein. Vi har heile tida hatt prosjekt å jobbe med, legg han til. 

Aksjekursen til eigarane av Hexagon Purus har samtidig vore sterkt søkkande. Ved inngangen til 2021 var kursen ein kort periode over 80 kroner. Sidan fall han kring 95 prosent og låg store delar av 2025 under to kroner per aksje. 

Robert Haugen hexagon Purus Maritime foto Marius 22
MODELL: I kontorlokala til Hexagon Purus Maritime har Robert Haugen ein fullskala modell av eit hydrogensystem for å vise kundar og besøkande korleis teknologien fungerer. Foto: Marius Rosbach

Har sikra seg fleire ordrar 
Sommaren 2025 stod det ein fullskala modell av eit maritimt system for bruk av hydrogen klar i lokala i Langevåg.

– Vi opplever god utteljing av å ha fysisk utstyr her som kan visast fram. Vi har hatt både kundar, skuleklassar og bransjeorganisasjonar på besøk, seier Haugen. 

Selskapet har sikra seg ei rekke avtalar om levering av hydrogensystem til sjøs. Mellom anna om bord på hurtigbåten Sea Change i den amerikanske byen San Fransisco. Sea Change skal vere verdas første kommersielle passasjerbåt med hydrogendrift. 

Hexagon Purus Maritime greenpeace foto Marius 11
GREENPEACE-SKIP: NTNU-studentane Liam Park Liland og Celina Ekerhovd jobbar med hydrogensystemet som skal om bord på eit nytt skip Greenpeace har under bygging i Spania. Foto: Marius Rosbach

Moen Marin i Rørvik bygger ein arbeidsbåt til oppdrett og skal teste hydrogensystemet frå Hexagon-selskapet hausten 2025. I lokala på Devoldfabrikken er snart eit nytt og langt større system klart. Det skal om bord på eit 75 meter langt skip som Greenpeace bygger ved Freire-verftet i Spania. 

– Vi har teknologien klar og veit at vi får det til. Og vi ser bevegelse i marknaden som gjer at vi trur på at vi står framfor ein sterk vekst, seier Haugen. 

– Trengst ikkje nødvendigvis meir pengar 
Sjefen for hydrogenselskapet meiner ein ikkje kan vente at reiarane skal ta heile rekninga for det grøne skiftet. Offentleg innsats er nødvendig. 

Likevel buttar det. Fleire reiarar har fått betydelege beløp i støtte til å bygge skip med hydrogenframdrift, men har late vere å realisere prosjekta. 

Haugen meiner det er grunn til å sjå nærare på støtteordningane for å få dei til å fungere etter hensikta. 

– Det trengst ikkje nødvendigvis meir pengar, seier han. 

Han viser til at fleire har peikt på differansekontraktar som ei løysing. Det inneber at staten betalar skilnaden mellom prisen reiarlaget får betalt for ei teneste – til eksempel ei ferjerute – og dei faktiske kostnadane ved drifta. 

G Mi Group More Sjo illustrasjon Naval Dynamics
LASTESKIP PÅ HYDROGEN: Møre Sjø – som seinare gjekk inn i GMI Group – har snart fire hydrogenskip under bygging. Ørsta-reiarlaget vil bygge ein større flåte med lasteskip. Illustrasjon: Naval Dynamics

Ørsta-reiarlag vil bygge fleire båtar 
Det kan sjå ut til at nokon har løyst utfordringa.

Ørsta-selskapet Møre Sjø – som seinare gjekk inn i GMI Group – har fått støtte til å bygge til saman fire hydrogenlasteskip – og dei er i full gang med å realisere planane sine. 

Styreleiar Per Olav Myrstad i GMI Group fortalde til NETT NO hausten 2025 at dei får «det økonomiske til å henge saman», takka vere støtteordningane. 

– Vi har ikkje tenkt å drive dette med ein båt eller to, men har tenkt til å bygge ei sterk satsing mot kystfrakt, la han til. 

– Det blir nok hydrogen til slutt 
Fiskebåtreiarlaget Loran på Godøya håpa i 2021 å bygge ein fiskebåt som kombinerte hydrogen og diesel – og kutta forbruket med minst 40 prosent samanlikna med båtar på berre diesel. 

Enova-støtte var på plass – men reiaren fann ut at det blei for dyrt. Inntil vidare ligg prosjektet i skuffen. 

Det å verdt å nemne at kostnadane for skipsbygging i denne perioden steig kraftig mellom som følgje av pandemi og Ukraina-invasjonen. Reiar Ståle Dyb meiner framleis at det er for dyrt – men har ikkje mista trua på ei slik løysing for å få bukt med klimautsleppa deira. 

– Det blir nok hydrogen til slutt, seier han. 

Verdt å ta dei små skritta 
Sjølv om det er mykje merksemd kring batteridrift og nullutslepp i skipsfarten, blir dei fleste båtar framleis bygd med dieselmotorar. Andre driftsformer med lågare utslepp ligg fleire år fram i tid for mange skipstypar. 

Ulmatec Pyro-sjef Bernt-Aage Ulstein er mellom dei som har teke til orde for at dei små skritta også er verde å ta. 

Selskapet leverer system for varmegjenvinning på båtar. Grovt sagt går kring halvparten av energien frå forbrenningsmotorar til å drive båten framover og gi elektrisitet om bord. Resten går ofte til spille. Med Ulmatec Pyro sitt system blir energien i eksosgassane og kjølevatnet fanga, og varmen blir brukt direkte, lagra eller brukt til å lage elektrisitet. 

Systemet er mellom anna levert til Havila Kystruten og to nybygg som Olympic-reiarlaget får levert i 2027. 

Publisert: 25.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 23.12.2025 17:30

Mer om