- Ja, første halvår har vore krevjande, og vi har slett ikkje vore fornøgd med utviklinga for selskapet.
Selskapet tapte 62 millionar kroner før skatt i første halvår.
Sætrenes seier at resultatet er prega av lav utnyttelsesgrad grunna eit dårleg spotmarknad, ombygging av fire skip samt mobilisering og oppstartkostnader i samband med langtidskontaktene for Petrobras i Brasil.
- Vi ligg rundt eit halvt år etter planen vi hadde, seier han.
- Ja, dette var ei brutal prising, seier Sætrenes.
Dumpingemisjonen vart hovudsakleg teikna av dei eksisterande aksjonærane som i slik kontekst er indifferente til prisen.
- Prisinga var sjølvsagt eit mareritt for dei aksjonærane som ikkje såg seg råd til å vere med, medan det vart ei mulegheit for nye aksjonærar å kome inn til ein svært lukrativ pris.
- Når det er sagt, så er det sjølvsagt ingen som synest det var kjekt at vi måtte gjennomføre ein slik emisjon.
- Nei, med det vi veit no er selskapet tilstrekkeleg kapitalisert. Vi overheld mde god margin dei plikter vi skal i forhold til långivarane.
Nyleg opplyste selskapet at flåteutnyttinga i september var på 94,17 prosent og gjennomsnittleg dagrate for flåten var oppe i 143.023 kroner.
- Utnyttelsesgraden for tredje kvartal var på knappe 97 %. Greier vi å holde oss på dette nivået trur eg det er grunn til å vere fornøgd, seier Sætrenes.
Sætrenes seier at inngangen til tredje kvartal også har vore krevjande, men at det ser lovande ut framover.
- Ja, om det ikkje kjem nye store overraskingar, så ser det bra ut for neste år.
- Eg veit at andre offshorereiarar har hatt problem med å få ut den avtalte betalinga, men vi er heldigvis ajour per dato.
Han seier at tilbakemeldingane på båtane er gode.
- Ja, for oss er det spesielt godt å sjå at båtane fungerer godt teknisk.
Dei to båtane i Nordsjøen har kontrakt fram til januar neste år, med opsjonar på ytterlegare 180 til 200 dagar.
- Vi arbeider med å finne nye oppdrag for dei to båtane når kontraktsperioden med Gas de France er ute.
- No er alt fokus på drift, og så får vi sjå kva som skjer etter kvart.
Dei seks skipa er bygde ved hollandske Damen sitt skipsverft i Galati i Romania. Skipa er av typen Damen PSV 3300 CD og er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter.
Herøy-selskapet Remøy Management har det operasjonalle ansvaret for flåten, saman med WWS sin eigen driftsorganisasjon i Holland. Skipa er bemanna med ein miks av norsk og utanlandsk mannskap.
Selskapet tapte 62 millionar kroner før skatt i første halvår.
Sætrenes seier at resultatet er prega av lav utnyttelsesgrad grunna eit dårleg spotmarknad, ombygging av fire skip samt mobilisering og oppstartkostnader i samband med langtidskontaktene for Petrobras i Brasil.
- Vi ligg rundt eit halvt år etter planen vi hadde, seier han.
Brutal prising
I juni gjennomførte selskapet ein emisjon på 130 millionar kroner. Emisjonen vart gjennomført for å styrke selskapet sin arbeidskapital. Interessa for å delta i emisjonen var svært laber, og til slutt vart ein tvinga til å gjennomføre emisjonen til ein kroner aksjen, ein tolvtedel av opphaveleg kurs.- Ja, dette var ei brutal prising, seier Sætrenes.
Dumpingemisjonen vart hovudsakleg teikna av dei eksisterande aksjonærane som i slik kontekst er indifferente til prisen.
- Prisinga var sjølvsagt eit mareritt for dei aksjonærane som ikkje såg seg råd til å vere med, medan det vart ei mulegheit for nye aksjonærar å kome inn til ein svært lukrativ pris.
- Når det er sagt, så er det sjølvsagt ingen som synest det var kjekt at vi måtte gjennomføre ein slik emisjon.
Har nok pengar
Sætrenes seier at det ikkje er på tale å hente inn meir pengar no.- Nei, med det vi veit no er selskapet tilstrekkeleg kapitalisert. Vi overheld mde god margin dei plikter vi skal i forhold til långivarane.
Dagrate på 143.023 kroner
Selskapet har seks identiske PSV-ar, og alle seks er no i arbeid, to for Gas de France i Nordsjøen, fire for Petrobras i Brasil.Nyleg opplyste selskapet at flåteutnyttinga i september var på 94,17 prosent og gjennomsnittleg dagrate for flåten var oppe i 143.023 kroner.
- Utnyttelsesgraden for tredje kvartal var på knappe 97 %. Greier vi å holde oss på dette nivået trur eg det er grunn til å vere fornøgd, seier Sætrenes.
Sætrenes seier at inngangen til tredje kvartal også har vore krevjande, men at det ser lovande ut framover.
- Ja, om det ikkje kjem nye store overraskingar, så ser det bra ut for neste år.
God respons
Fire av skipa går på fireårige kontraktar for det statseigde brasilianske oljeselskapet Petrobras. Verdien på kontrakten er på 975 millionar kroner, og Sætrenes opplyser at så langt har Petrobras betalt punktleg det selskapet skal betale.- Eg veit at andre offshorereiarar har hatt problem med å få ut den avtalte betalinga, men vi er heldigvis ajour per dato.
Han seier at tilbakemeldingane på båtane er gode.
- Ja, for oss er det spesielt godt å sjå at båtane fungerer godt teknisk.
Dei to båtane i Nordsjøen har kontrakt fram til januar neste år, med opsjonar på ytterlegare 180 til 200 dagar.
- Vi arbeider med å finne nye oppdrag for dei to båtane når kontraktsperioden med Gas de France er ute.
Fokus på drift
Ved oppstart av selskapet opna Sætrenes for at det skulle byggast fleire enn dei seks båtane. No seier han at det ikkje foreligg ytterlegare investeringsplanar.- No er alt fokus på drift, og så får vi sjå kva som skjer etter kvart.
Dei seks skipa er bygde ved hollandske Damen sitt skipsverft i Galati i Romania. Skipa er av typen Damen PSV 3300 CD og er 80,10 meter lange, 16,20 meter breie og har eit dekk på 720 kvadratmeter.
Herøy-selskapet Remøy Management har det operasjonalle ansvaret for flåten, saman med WWS sin eigen driftsorganisasjon i Holland. Skipa er bemanna med ein miks av norsk og utanlandsk mannskap.
Vi ligg rundt eit halvt år etter planen vi hadde
Publisert: 14.10.2014 06:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38