Haavard Ulstein frustrasjon paa lesartoppen
TOPP: Håvard Ulstein tok oppgjer med dokumentasjonsveldet i Nordsjøen, ei sak som var mest lest på NETT NO i 2015.
Nytt

Håvard Ulstein-frustrasjon på lesartoppen

Håvard Ulstein tok eit oppgjer med dokumentasjonsveldet i Nordsjøen, ei sak som vart mest lest av alle på NETT NO i 2015.

02.03.2016
- Når det er 280 sider kravspesifikasjon til eit oppdrag til 35.000 kroner, er noko fundamentalt galt, fastslo Island Offshore-direktøren.
Han viste til at det gjekk vekk store ressursar til dokumentasjon, og at mengda var aukande.
- Det kan av og til sjå ut som om dokumentasjonsarbeidet har vorte eit eige forretningsområde i seg sjølv, sa Ulstein, og fekk brei støtte for sitt utspel.
Nest mest lest var også ei sak om Island Offshore, denne gongen saka om at "oljeselskapa i kø for å bruke Island-teknologien". Saka er eit intervju med Per Buset, avdelingsleiar for toppholsboring i Island Offshore, etter at selskapet har lukkast å utvikle ein ny metode for toppholsboring.

Gunvor-utspel

Også to saker med Gunvor Ulstein er mellom topp ti på lesartoppen, den eine saka der Ulstein fastslo at 'bilmekanikarar ikkje treng å lære engelsk diktanalyse', den andre der Ulstein tvilte på dei store underskota til Rolls-Royce.
Elles er det dei maritime sakene som er mest lest, men også saker om gründerbedrifter er populære.
Her er lista over dei ti mest leste sakene i 2015:

Publisert: 02.03.2016 12:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52