Njål sævik innfelt aksjekurs juni 2022 foto kjetil 11
RETT OPP: Etter fem magre år har aksjekursen til Havila Shipping gått rett opp. Konsernsjef Njål Sævik leier no eit selskap som børsen verdset til 523 millionar kroner. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Høgaste kurs på over fem år

- Det er gledeleg med enkeltdagar med gode rater, men vi lever av innteninga 365 dagar i året.

08.06.2022

Det seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik etter at aksjekursen til offshoreselskapet har eksplodert siste året.

Onsdag slutta kursen på 22 kroner. Ein må tilbake til januar 2017 for å få liknande kursar.

Herøy-selskapet har på kort tid frå å vere verd berre eit par titals millionar kroner til no å verte verdsett til 523 millionar.

Kjemperater
Kursoppgangen siste månaden er på 280 prosent, siste tre månader 431 prosent og på årsbasis 694 prosent.

I går vart det kjent at ankerhandterar frå Viking Supply Ships og Solstad Offshore får rundt 1,6 millionar kroner i døgnet for å flytte riggen Ocean Endeavor. Det er fleire år sidan ein har sett tilsvarande rater.

Njål Sævik seier at dette sjølvsagt er gledeleg.

- Men det er ofte slik at media skriv når det er millionrater, men ikkje så mykje alle dagane det er dårlege rater.

- Vi lever trass alt av innteninga 365 dagar i året.

Stor interesse for sektoren
Sævik seier at selskapet har dei fleste skip på prosjektoppdrag, og dermed ikkjee får vere med på den siste oppturen.

- Men det kan kome periodar med nye gode rater. Det avheng av riggaktiviteten og kor mange båtar som er tilgjengeleg.

Han gler seg over kursoppgangen på børsen, men seier at det ikkje har så mykje å seie i det daglege.

Han forklarer oppgangen med ein generell stor interesse for sektoren blant investorane.

- Dette er ein oppgang basert på betre forventa inntening.

Kjendisinvestorar
I tillegg har Christian Sveaas og fleire andre kjendisinvestorar kasta seg over sektoren, blant anna med store kjøp i Siem Offshore og Solstad Offshore..

- Eg veit ikkje om nokon av desse er på veg inn i Havila Shipping. Så langt har det i alle fall ikkje kome noko flaggemelding, seier Sævik.

Satsar i Nord-Amerika
Onsdag flagga også oppdrettsselskapet Salmon Evolution at ein planlegg å byggje opp eit landbasert oppdrettsanlegg i Nord-Amerika. Samstundes oppjusterte selskapet produskjonsmåla sine. Marknaden reagerte med å sende kursen opp ... til...

Litt ned gjekk derimot kursen på Statt Torsk, etter at det vart kjend at fiskeforedlingsbedrifta Per Stave på Leikanger var konkurs. Det var Per Stave som skulle slakte torsken til Statt Torsk.

Onsdag fall hovudindeksen med 0,16 prosent. Ved børsslutt vart eitt fat nordsjøolje handla til 122 dollar, ein oppgang på 0,99 prosent frå dagen før.

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 22 22,91 %
Hexagon Purus 34,74 6,83 %
Golden Energy Offshore Services 2,6 4,84 %
Salmon Evolution 8,7 3,20 %
Hexagon Composites 34,36 1,78 %
Nortel 18,4 1,60 %
Smartcraft 17,8 0,75 %
Endúr 0,54 0,31 %
Arctic Bioscience 15,55 0,00 %
Hav Group 14,7 -0,81 %
Sparebanken Møre 78,02 -1,12 %
Hofseth Biocare 3,75 -1,32 %
Havyard Group 8,54 -1,84 %
Statt Torsk 2,43 -2,02 %
Havila Kystruten 18,5 -2,12 %
Atlantic Sapphire 24,5 -5,77 %

Publisert: 08.06.2022 16:40

Sist oppdatert: 08.06.2022 17:11

Mer om