Olympic Ulstein SX222 Illustrasjon Ulstein Design & Solutions
TO SKIP: Olympic-reiarlaget skal bygge to skip for vindkraftmarknaden ved Ulstein Verft. Om bord kjem det betydeleg elektroinstallasjonar frå Hareid Group. Illustrasjon Ulstein Design & Solutions
Nytt

– I ferd med å bygge ei bra ordrebok for 2024

Hareid Group med auka aktivitet etter at lokale verft har fått nye oppdrag. Framleis brems på brønnbåt.

Marius Rosbach
03.11.2023

Fredag kunne Hareid Group melde at dei hadde fått oppdraget med elektroinstallasjon om bord på dei to skipa Olympic-reiarlaget skal bygge ved Ulstein Verft.

Konstruksjonsskipa som skal ut i vindkraftmarknaden er planlagt levert i 2024, og det første skroget er snart venta til verftet.

Dagleg leiar Tor Marthin Sørli i HG Teknikk kan ikkje opplyse verdien på oppdraget, men det dreiar seg om ein vesentleg del av elektroinstallasjonane om bord i skipa.

– Ordrane er med på å styrke aktiviteten vår til neste år. Vi er i ferd med å bygge opp ei bra ordrebok for 2024, seier han til NETT NO.

Ligg an til høgare aktivitet
Etter at lokale verft som Ulstein, Myklebust Verft, Larsnes Mek. Verksted og Green Yard Kleven har fått inn fleire oppdrag i sine ordrebøker, ligg det an til høgare aktivitet framover.

– Vi blir påverka av heile skipsindustrien rundt oss. Desse verfta har vore store kundar av oss og no har vi fleire oppdrag å gi tilbod på, sjølv om det er beinhard konkurranse, legg Sørli til.

Konsernsjef Olav Haug Vikebakk i Hareid Group ser også fleire positive teikn framover:

– Det blir jobba med mange nye ting, seier Vikebakk – med trykk på «mange».

– Verft er meir konkurransedyktige
– Det er mykje som skjer innafor den maritime industrien, både i regionen og utanfor, som vi håpar å vere med på, seier konsernsjefen.

Valutasituasjonen og galopperande inflasjon i fleire land er mellom faktorane som går i norsk industri sin favør for tida.

– Det har gjort at norske verft er meir konkurransedyktige enn på fleire år, seier Vikebakk.

Framleis brems i brønnbåt
HG Teknikk-selskapet som Tor Marthin Sørli leiar, leverer utstyr til skipsbygging og har merka nedgang i aktiviteten i år, samanlikna med 2022.

Spesielt siste halvår har det vore nedgang grunna bremsen i brønnbåtbransjen som følgje av lakseskatten. Dei har også fått merke at kostnadsnivået har auka på material og arbeidskraft.

Konsernsjef Vikebakk legg ikkje skjul på at det ligg an til ordretørke for brønnbåtmarknaden også framover. Og han tør ikkje love at Hareid Group når milliardomsetning i år – som dei har gjort dei seks siste åra.

– For konsernet blir det likevel eit bra år, påpeiker han.

Publisert: 03.11.2023 12:53

Sist oppdatert: 10.11.2023 12:04

Mer om