- Vi treng fleire tilsette innanfor maskin, rør og stål.
- Dyktige fagfolk er vi forøvrig alltid ute etter, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Gursken-bedrifta.
Selskapet har bak seg sitt første heile driftsår etter å ha vorte skilt ut frå Kleven.
- Det har gått bra, og vi har vorte godt mottatt i marknaden.
- Vi reknar på fleire andre prosjekt, ettersom vi har ein strategi å byggje eitt til tre nybygg årleg.
Hide opplyser at verftet har godt med arbeid i første halvår neste år, til Sølvtrans-skroget kjem på plass.
- Det er snakk om reperasjonsarbeid, ombyggingar og dokking.
- For oss er dette prosjektet like stort som eit nybyggingsoppdrag, seier Hide.
Blant anna skal det på plass nytt thruster-system, system for batterilagring og utbetring av både dekk og det 60 meter høge boretårnet.
Siste dagane har skipet vore på prøvetur.
- Vi er ferdige med fase ein.
- Etter jul startar fase to, og der planen er at skipet skal vere ferdig til midten av mars, seier Hide.
- Det har vorte lagt ned ein stor innsats frå tilsette, underleverandørar, mannskapet om bord og frå Akofs, seier Hide.
Det 156,9 meter lange og 27,0 meter breie skipet skal i fem år drive brønnintervensjonsarbeid for Equinor i Nordsjøen, med opsjon på ytterlegare tre år.
Skipet er eigd av Røkke-kontrollerte Akastor.
Verdien på Equinor-kontrakten er oppgitt til å vere på 370 millionar USD for dei første fem åra.
- Dyktige fagfolk er vi forøvrig alltid ute etter, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Gursken-bedrifta.
Selskapet har bak seg sitt første heile driftsår etter å ha vorte skilt ut frå Kleven.
- Det har gått bra, og vi har vorte godt mottatt i marknaden.
Reknar på fleire prosjekt
Myklebust Verft har eitt nybygg i ordreboka. Det er ein brønnbåt til Sølvtrans, der skroget kjem til Myklebust til hausten.- Vi reknar på fleire andre prosjekt, ettersom vi har ein strategi å byggje eitt til tre nybygg årleg.
Hide opplyser at verftet har godt med arbeid i første halvår neste år, til Sølvtrans-skroget kjem på plass.
- Det er snakk om reperasjonsarbeid, ombyggingar og dokking.
Rekordstor ombygging
Myklebust er godt i rute med det største ombyggingsarbeidet nokon gong på Røkke-eigde Akofs Seafarer.- For oss er dette prosjektet like stort som eit nybyggingsoppdrag, seier Hide.
Blant anna skal det på plass nytt thruster-system, system for batterilagring og utbetring av både dekk og det 60 meter høge boretårnet.
Siste dagane har skipet vore på prøvetur.
- Vi er ferdige med fase ein.
- Etter jul startar fase to, og der planen er at skipet skal vere ferdig til midten av mars, seier Hide.
Kontrakt til 3,4 miliardar kroner
Då skal skipet inn på ein stor kontrakt for Equinor.- Det har vorte lagt ned ein stor innsats frå tilsette, underleverandørar, mannskapet om bord og frå Akofs, seier Hide.
Det 156,9 meter lange og 27,0 meter breie skipet skal i fem år drive brønnintervensjonsarbeid for Equinor i Nordsjøen, med opsjon på ytterlegare tre år.
Skipet er eigd av Røkke-kontrollerte Akastor.
Verdien på Equinor-kontrakten er oppgitt til å vere på 370 millionar USD for dei første fem åra.
For oss er dette prosjektet like stort som eit nybyggingsoppdrag
Publisert: 17.12.2019 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48