Klyngekonferansen 2024 foto Ogne
FLYTTAR: I år er den maritime klyngkonferansen flytta til Scandic Parken Hotel på grunn av byggearbeid i kantina på NMK, der konferansne har vore halden dei siste åra. Biletet er frå konferansen i 2025. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

I år er forsvar tema på klyngekonferansen

Ventar over rundt 250 deltakarar.

05.09.2025

Den maritime klynga på Nordvestlandet si rolle for forsvar og beredskap har fått ein eigen bolk, på klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime sin årlege klyngekonferanse, som i år blir arrangert onsdag 17. september.

Sjefen for sjøforsvaret, Kyrre Haugen, skal innleie om planane for sjøforsvaret framover og skal også delta i ein panelsamtale om den maritime klynga si rolle og betydning.

Les programmet her

Flytta frå NMK
På grunn av byggearbeid på NMK er årets klyngekonferanse flytta til Scandic Parken Hotel i Ålesund sentrum.

Talet på påmeldte hadde passert 150 tidlegare i veka og arrangøren ventar omlag 250 deltakarar, medrekna ei gruppe på 40 studentar.

Presentasjonen av tilstand og stemning blant bedriftene i maritim klynge er eit fast innslag på den maritime klyngekonferansen. Det er Menon Economics som gjennomfører analysen, og partnar Erik Jakobsen i analyseselskapet skal  presentere kva dei har funne.

Konkurransekraft
Hovudtema for årets konferansen er utviklinga i konkurransekrafta til bedriftene i maritime klynge. Konferansen skal både belyse korleis konkurransenkrafta har utvikla seg og gi døme på korleis den kan utviklast. 

I denne bolken på programmet vil mellom andre Gunvor Ulstein frå Ulstein Group og Gjermund Kvernmo Langset frå Bauta Group halde innlegg.

Publisert: 05.09.2025 09:54

Sist oppdatert: 05.09.2025 09:54

Mer om