Måndag blei dei tilsette i Brimer orientert om det komande eigarskiftet i bedrifta. Det svenske investeringsfondet Accent Equity kjøper Brimer frå Entec Group.
Steven P. Karunasmay er ingeniør og tillitsvald for dei organiserte i fagforeiningane Nito i Brimer.
Lokal leiing
Han er ikkje uroa over eigarskiftet og peikar på to positive faktorar:
- Eigarskiftet opnar for at Brimer vinn større innpass i utlandet.
- Leiinga, med Håvard Haanes i spissen, skal framleis vere lokal.
Medan Karunasmay og ingeniørkollegaene sit i Ulsteinvik, har tillitsvald Terje Støylen i Fellesforbundet sine medlemer i fabrikken på Kvamsøya.
– Veldig udramatisk, seier Støylen om eigarskiftet.
170 tilsette
Brimer lagar kar og tilhøyrande utstyr til mellom anna vassanlegg og til oppdrettsnæringa. Selskapet har omlag 170 tilsette med produksjonsanlegg i Latvia og på Kvamsøya. Omlag halvparten av dei tilsette arbeider i Noreg.
Accent Equity er per i dag eigar av 19 selskap før Brimer er rekna med. Investeringane spenner frå ei blomsterbutikk-kjede til trevareindustri og logistikkselskap.
Publisert: 29.10.2024 15:26
Sist oppdatert: 29.10.2024 20:45