- I ein del år levde vi i den villfaringa vi berre skulle utvikle produkt, seier Kjersti Kleven. Ho er styreleiar i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri og i Kleven Maritime.
Tidlegare har ho åtvara mot den negative utviklinga i produktiviteten i norsk industri.
Kostnadane, mellom anna lønsnivået, har auka raskare enn industrien har klart å effektivisere produksjonen. Resultatet er tapt konkurranseevne mot utanlandske konkurrentar.
Det gjeld heile verkemiddelapparatet frå avskrivingssatsar til FoU-miljøa. Dei industribedriftene som har vore lengst framme i moderne produksjonsmetorar, har ofte gjort sine investeringar meir på trass av, enn på grunn av oppmuntring utanfrå, meiner ho.
Først dei siste åra har industrien igjen blitt meir oppteken av - og fått honnør for - å produsere smart, ikkje berre produsere smarte ting.
- Berre dei siste to åra har det skjedd ei haldningsendring; både i merksemda frå politisk hald, fagmiljø og media, seier Kleven.
Det handlar mellom anna om å erkjenne at å arbeide med korleis ting blir gjort også er innovasjon.
- Det er eit høgkompetanse-arbeid å produsere på ein intelligent måte, seier Kleven.
- På 2000-talet var vi nesten berre opptekne av produkt, og ikkje produksjon, seier ho.
I dag, tysdag 4. februar la Norsk Industri fram sin årlege konjunkturapport (sjå faktaboks og relaterte saker). På pressekonferansen åtvara administrerande direktør Stein Lier-Hansen om at lønsauken må halde seg under tre prosent i år. Kleven er samd.
- Vi står føre eit lønsoppgjer som må gi ei moderat lønsutvikling, seier ho.
Og det er den konkurranseutsette delen av industrien som må legge lista for lønsoppgjeret.
- Det er ein viktig modell, seier Kleven.
Tidlegare har ho åtvara mot den negative utviklinga i produktiviteten i norsk industri.
Kostnadane, mellom anna lønsnivået, har auka raskare enn industrien har klart å effektivisere produksjonen. Resultatet er tapt konkurranseevne mot utanlandske konkurrentar.
Smart produksjon
- På innovasjon hadde vi lenge merksemda retta mot produktinnovasjon, seier Kleven.Det gjeld heile verkemiddelapparatet frå avskrivingssatsar til FoU-miljøa. Dei industribedriftene som har vore lengst framme i moderne produksjonsmetorar, har ofte gjort sine investeringar meir på trass av, enn på grunn av oppmuntring utanfrå, meiner ho.
Først dei siste åra har industrien igjen blitt meir oppteken av - og fått honnør for - å produsere smart, ikkje berre produsere smarte ting.
- Berre dei siste to åra har det skjedd ei haldningsendring; både i merksemda frå politisk hald, fagmiljø og media, seier Kleven.
Det handlar mellom anna om å erkjenne at å arbeide med korleis ting blir gjort også er innovasjon.
- Det er eit høgkompetanse-arbeid å produsere på ein intelligent måte, seier Kleven.
Ti år borte
Kleven meiner fagmiljøa forsømte seg gjennom heile 2000-talet. Det kan hende tanken om at vi hadde så høgt kostnadsnivå at produksjon i Noreg ikkje hadde ei framtid beit seg fast, og påverka tenkemåten, trur ho.- På 2000-talet var vi nesten berre opptekne av produkt, og ikkje produksjon, seier ho.
Må sjå to-talet
Sjølv om ho kritiserer sine eigne, så meiner ikkje Kleven at industrien kan løyse problemet med fallande produktivitet på eiga hand.I dag, tysdag 4. februar la Norsk Industri fram sin årlege konjunkturapport (sjå faktaboks og relaterte saker). På pressekonferansen åtvara administrerande direktør Stein Lier-Hansen om at lønsauken må halde seg under tre prosent i år. Kleven er samd.
- Vi står føre eit lønsoppgjer som må gi ei moderat lønsutvikling, seier ho.
Og det er den konkurranseutsette delen av industrien som må legge lista for lønsoppgjeret.
- Det er ein viktig modell, seier Kleven.
Det er eit høgkompetanse-arbeid å produsere på ein intelligent måte
Publisert: 04.02.2014 17:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31