Odd emil ingebrigtsen steinar reiten foto marius 11
ÅLESUND: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (t.v.) og avtroppande stortingsrepresentant Steinar Reiten (t.h. bak) deltok på årskonferansen til Fiskebåt Vest. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ingen kald skulder om CO2-fond

Steinar Reiten vil overtyde regjeringspartnarane om at KrF-forslag er rett medisin for fiskeflåten. – Spennande, seier fiskeriministeren om ideen.

Marius Rosbach
27.08.2021

Under årskonferansen til Fiskebåt Vest i Ålesund fredag, tok Steinar Reiten (KrF) tak i partiet sitt forslag om eit maritimt CO2-fond, i tillegg til dagens verkemiddel.

– Det er viktig at eit slikt tiltak også kan hjelpe fiskeflåten på same vis som Nox-fondet, der næringa får råderett over det som står på fondet, seier Reiten til NETT NO.

KrF lanserer dette som ei insentivordning i samband med auka CO-2avgift – som regjeringa har føreslått.

Hensikta er at fiskarane skal få kompensert utgifter ved investeringar i ny teknologi og meir miljøvenlege fiskefartøy. Midlar fra eit slikt fond kan også nyttast for å sikre tilstrekkeleg og prisgunstig biodiesel til fiskeflåten.

– Om regjeringa får fornya tillit, vil saka om CO2-fond stå høgt på agendaen for KrF når regjeringsplattforma skal fornyast, legg Reiten til.

Fiskeriministeren: «Spennande»
KrF-politikaren fortel at han har teke opp ideen om CO2-fond både med fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) – og at han ikkje opplevde nokon kald skuldar.

Då fiskeriministeren kommenterte saka i Ålesund torsdag, viste han til at departementet skal ha eit innspelsmøte med næringa i september.

– Det kan vere spennande med eit slikt CO2-fond som KrF føreslår, la Ingebrigtsen til.

Fiskebåt helsar fond velkomen
Også fiskebåtreiarane sin organisasjon, Fiskebåt, ønsker eit slik fond velkomen. Dei påpeiker at politikarane har eit spesielt ansvar for å sikra stabile rammer for drifta, og ønsker seg ein forpliktande klimaavtale om utsleppskutt.

- Som ein del av avtalen må styresmaktene forplikte seg til at CO2-avgifta for fiskeflåten øyremerkast eit CO2-fond som kan støtte utsleppsreduserande tiltak, inkludert å subsidiere bruk av biodrivstoff i fiskeflåten, uttalar styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebåt i ei pressemelding.

Han legg til at det også er viktig å få på plass statistikk over utslepp som er til å stole på.

KrF vil ikkje ha nedre grense
Steinar Reiten meiner det er viktig at det ikkje blir sett nokon nedre grense for kva fartøy som kan få støtte frå eit slikt CO2-fond.

– Spesielt for dei minste fartøya, er det i realiteten ikkje noko alternativ til biodiesel. Det er mogleg å ha hybriddrift slik at sjarkar kan gå delvis på batteri, men fordi fartøya er sopass kompakte og har behov for stor lastekapasitet, er det vanskeleg å få plass til andre løysingar, seier han.

Han peiker på at det vil bli ei utfordring med knappheit på biodiesel i framtida, og at ein treng matproduksjon for å sikre tilgangen.

Publisert: 27.08.2021 13:11

Sist oppdatert: 18.11.2021 12:47

Mer om