Ola Borten Moe
TIL SUNNMØRE: 1. nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe skal møte næringslivsaktørar på Sunnmøre i dag og i morgon. Arkivfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ikkje auke CO2-avgifter utan å ha alternativ

Får Senterpartiet bestemme blir det ingen auke i CO2-avgiftene for fiskeflåten, før det er tilgjengeleg alternative energikjelder til diesel.

15.07.2021

- Eg trur det er uklokt å auke kostnadane utan at ein har alternativ, seier første nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe om regjeringa sitt ønskje om ei kraftig auke i CO2-avgifta fram til 2030, mellom anna for fiskeflåten.

Det er eit framlegg Borten Moe ikkje støttar, utan at dei som blir pålagt auka avgift har eit reelt alternativ å legge om til.

- Vi ser ikkje poenget med å gjere livet tungt og vanskeleg for næringslivet, seier Borten Moe.

Resultatet av regjeringa sitt framlegg, slik Borten Moe ser det, er at det enten blir dyrare varer, arbeid blir ikkje utført eller produksjon blir flytta til Kina - og dei globale CO2-utsleppa går ikkje ned.

- Når vi lagar klimapolitikk i Noreg så kan vi ikkje late som om Noreg er eit eige univers, seier han.

Til Sunnmøre
I dag og i morgon Borten Moe på besøk på Sunnmøre. I kveld møter han næringsaktørar på Giske, i morgon skal han møte Hofseth Aqua i Ålesund, besøke fiskebåten Teigenes i Herøy og ha eit møte med næringsaktørar i Fosnavåg om kvelden,

Borten Moe er førstekandidat til Stortingsvalet i Sør-Trøndelag, og understrekar at valet ikkje er vunne.

Men slik meiningsmålinga ser ut i dag ser det ikkje ut til at Solberg-regjeringa får halde fram etter Stortingsvalet, og då får Senterpartiet meir makt.

Om Senterpartiet får styre vil den største skilnaden i næringspolitikken samanlikna med i dag vere ein meir aktiv vilje til å legge til rette for næringsutvikling og til at meir av overskotet frå næringsverksemd skal ligge att lokalt, seier han.

Plattformsjef
Borten Moe kjem til Sunnmøre rett frå jobben som plattform-sjef på Draugen. Oljeselskapet Okea, der Borten Moe er medeigar, tok over drifta etter Shell i 2018. No skal han ha permisjon for å føre valkamp, og eventuelt for å bli stortingsrepresentant.

Det blir ingen endringa i oljepolitikken om Solberg-regjeringa går av og Senterpartiet kjem inn i regjeringskontora, etter Borten Moe si vurdering.

- Norsk oljepolitikk er heldigvis tufta på breie forlik i Stortinget. No sist blei det demonstrert i oljeskattepakken som blei behandla i Stortinget i fjor, seier Borten Moe. (Den letta på skattlegginga for å stimulerer til meir aktivitet, red. merk))

Han er og nøgd med meiningsmåling som Klassekampen nyleg publiserte. "Kun 23 prosent av nordmenn vil at Norge skal slutte å lete etter olje og gass, slik SV, MDG og Rødt går inn for.", skreiv avisa.

-Det viser det same biletet som ein har sett i mange år, at olje og gassnæringa har større støtte i det norske folk enn ein kan få inntrykk av når ein følgjer det det offentlege ordskiftet, seier Borten Moe.

Etterlyser svar
I går lanserte EU-kommisjonen sitt framlegg til korleis EU skal få kutta utsleppa av CO2 og andre gassar som blir rekna som klimagassar - det vil seie medverkar til global oppvarmning.

Det er eit viktig framlegg også for Noreg, meiner Borten Moe.

- Vi i Noreg treng tid til å sette oss inn i det, seier han.

Ut frå det han har lese så langt stiller han spørsmål ved realismen i ei omlegging til eit samfunn utan utslepp av CO2 frå forbrenning av fossile energikjelder som olje, gass og kol. Når dei skal fasast ut og det heller ikkje skal byggast ut meir atomkraft sit ein at med sol og vind, seier Borten Moe.

- At det skal forsyne eit heilt kontinent det stiller eg spørsmål ved, seier han.

Publisert: 15.07.2021 11:05

Sist oppdatert: 20.03.2024 10:32

Mer om