Kongsberg maritime montasje steinar reiten foto marius krf 111
GA KONGSBERG-TIPS: Salet av marinedivisjonen til Rolls-Royce til Kongsberg Gruppen er berre ei av sakene Steinar Reiten har vore involvert i dei siste åra som stortingspolitikar for KrF. Foto: Marius Rosbach/KrF
Nytt

KrF lovar kamp for Co2-fond

Steinar Reiten (KrF) meiner partiet har vore med på viktige sigrar i næringspolitikken, og fekk terningkast seks frå maritim næring.

Marius Rosbach
19.05.2021

Sjå sendinga på Youtube under i saka

Tysdag var det KrF-toppane sin tur til å møte næringslivet i valkamputspørjing i regi av NHO Møre og Romsdal. Då kom det mellom anna fram at partiet vil stå hardt på forslaget om eit CO2-fond som skal bidra til utvikling av ny maritim teknologi.

– Vil vi ha eit slikt Co2-Fond og vi skal ta den kampen med dei andre ikkje-sosialistiske partia. KrF har sagt klart frå om at CO2-fond skal på bordet om det skal forhandlast om ny Granavollen-plattform etter valet, sa Reiten under det digitale møtet.

Eit slikt CO2-fond skal bidra til å utvikle ny maritim teknologi, og blei teke inn i KrF-programmet under landsmøtet nyleg.

CO2-fond skal på bordet om det skal forhandlast om ny Granavollen-plattform
Steinar Reiten

Nettolønnsiger med Frp
Ei anna saka som har vore viktig for dei maritime næringane, er kampen for nettolønnsordninga. Stortingspolitikaren drog fram samarbeidet med Frp som gjorde at regjeringa sitt forslag om å svekke ordninga for sjøfolk, ikkje gjekk gjennom.

– Det er all grunn til å gi Frp honnør for at dei har vore framoverlente i forhold til dei maritime næringane i Møre og Romsdal, sa han under møtet.

Spent på plassering av eksporteining
I lokaliseringsdebatten kring nye GIEK, landa Reiten på at han ikkje ville gå for Frp sitt forslag om å flytte hovudkontoret til Vestlandet. Men han påpeika at regjeringa har fått «ei klar bestilling» om at det regionale eksportarbeidet skal styrkast – og skal kome tilbake til Stortinget på dette.

Vidare skal det bli oppretta ei ny eining Business Norway, der mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune har kasta seg inn i kampen om å få avdelinga til Ålesund.

– Det skal plasserast ein anna plass enn i Oslo, og eg er veldig spent på den saka, la Reiten til.

Ga Kongsberg-tips til næringsministeren
Frå posisjonen i næringskomiteen spelte Reiten også ei rolle då Kongsberg Maritime kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce. På ei komitéreise til Finland blei han uroa over at satsinga til Rolls-Royce-konsernet i Turku.

Etterpå blei Reiten klar over at Kongsberg-konsernet kunne vere ein interessert i å overta marineverksemda, og tok det opp under si første samtale med Torbjørn Røe Isaksen, etter at Høgre-toppen blei næringsminister.

– Eg fekk bidra med å sende nokre signal som er oppfatta som viktig, men eg var på ingen måte avgjerande for kva som skjedde vidare, fortel Reiten til NETT NO.

Fekk terningkast seks
Steinar Reiten har takka nei til attval på Stortinget, men fekk lovord med seg for innsatsen i næringskomiteen. «Terningkast seks» meinte Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest.

Ingjerd påpeika at sjølv om Reiten ofte har jobba i det stille, så har han vore ein viktig politikar, som har fått til mykje.

Han bad KrF jobbe for å betre finansieringsordninga for verfta – eit arbeid Reiten trudde dei var nøyd til å ta vidare i samband med statsbudsjettet for neste år.

Drog fram dialog med næringslivet
Harry Valderhaug (KrF) er toppkandidat for KrF i fylket framfor Randi Walderhaug Frisvoll og Victoria Smenes, som også deltok på valarrangementet.

Giske-ordførar Valderhaug trekte fram at fylkeslaget hadde fått godt gjennomslag i partiprogrammet sentralt under landsmøtet nyleg. Både det nemnte CO2-fondet og eit konkret forslag om å trappe opp satsinga på hydrogen, vil vere vedteke KrF-politikk framover.

– Det var blant anna tufta på at vi hadde dialog med næringsaktørar, sa han.

Listetoppen meiner også at menneskesynet som partiet står for, spelar ei viktig rolle med å påverke bedrifter til å opptre som aktørar med eit breitt samfunnsengasjement.

Les saker frå tidlegare partiutspørringar:

Sjå sendinga på Youtube:

Publisert: 19.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 16.07.2021 12:14

Mer om