Jon ivar nygård strynefjellstunnel foto samferdselsdepartementet 11
PÅ SYNFARING: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) var fredag på synfaring både ved Strynefjellestunnellane og Voldafjordtunnelen. Foto: Samferdselsdepartementet
Nytt

Ingen løfter frå statsråden om Strynefjellet

Men samferdsleministeren forstår frustrasjonen over dårleg veg.

Marius Rosbach
03.06.2022

Fredag var samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) på besøk til Nordvestlandet. Då nytta han mellom anna mulegheita til å vere med på synfaring ved tunnellane på riksveg 15 over Strynefjell.

På førehand var det håp om at prosjektet ville ha større sjansar til å rykke fram i prioriteringskøen, etter statsråden hadde sett situasjonen med eigne augne.

– Det blei godt synleggjort for meg kvifor dette er eit viktig prosjekt, seier Nygård til NETT NO som svar – men er rask til å peike på at økonomien er blitt strammare og kostnader aukar på dei fleste områder.

– Alle må vere med å bidra, og det vil også prege handlingsrommet på samferdsel framover, legg han til.

Ny veg tidlegast klar i 2033
Lokalt har det vore ønske om å starta planlegginga så snart som mogleg, for å kome i gong med sjølve bygginga i 2027. I tilfelle kan ny veg stå klar i 2033.

Frps Frank Sve og Høgres Helge Orten er mellom dei som har meint det vil ver eit løftebrot om vegen ikkje er starta opp i første halvdel av Nasjonal Transportplan for åra 2022-2033.

Vil ikkje peike på noko årstal
Nygård seier han forstår frustasjonen over tilstanden på vegen, men sjølv vil han ikkje noko vis peike på eit årstal for kva tid han trur paden kan settjast i jorda.

No er tida inne for å vurdere kostnad og nytte ved alle prosjekt – før regjeringa skal legge fram kva prosjekt som skal satsast på.

– Det er for tidleg å si noko konkret utover det for Strynefjellsvegen. Strekninga er med i porteføljestyringa, og då er den i konkurranse med alle andre prosjekt, der det gjeld å få ned kostnadene og få opp nytta, seier han.

Publisert: 03.06.2022 16:24

Sist oppdatert: 04.06.2022 01:04

Mer om