Ny Strynefjellsveg truleg ikkje klar før 2033
Direktør i vegvesenet antyder at det tar minst ti år før ny tunnel er på plass.
Ifølgje avisa viste Davik fram ein grov, overordna framdriftsplan for prosjektet under eit nyleg besøk frå transportkomiteens i Stryn.
Byggetid på seks år
Komiteen var på eit tre dagers besøk i Vestland fylke og bygging av ny Strynefjellsveg stod på agendaen under eit møte på Hotel Alexandra i Loen i Stryn.
Framdriftsplanen viste oppstart av reguleringsplanlegginga i 2024, grunnerverv og konkurransegrunnlag i 2026, tunneldriving og bygging i 2027 – og opning av vegen mot slutten av 2033.
Davik stadfestar at tidsplanen til NETT NO og påpeiker at det er ein lang tunnel der mellom anna elektroarbeidet tar tid. Pprosjektet har ein prislapp på kring 4,2 milliardar kroner.
Ny Strynefjellsveg har vore eit tilbakevendande krav frå næringslivet som nyttar riksveg 15 som transportveg mot Austlandet.
Tidsplanen som Davik antyder med byggestart i 2027, oppfyller ønske frå stortingsfleirtalet – om at prosjektet skal starte i første halvdel av Nasjonal transportplan for 2022-2033.
Mellom anna Helge Orten (H) har vore bekymra for framdrifta og meiner det vil vere eit løftebrot, om ikkje prosjektet blir sett i gong innan utgangen av 2027.
Vegvesenet la nyleg fram sin seksårsplan for kva prosjekt dei ville prioritere dei neste seks åra. Då stod ikkje ny Strynefjellsveg på lista, men samferdsleministeren opna for at andre prosjekt likevel kunne bli prioritert.
Publisert: 15.03.2022 13:40
Sist oppdatert: 15.03.2022 13:52