Investeringar for 32,5 milliardar avlyste eller utsett
Auka skatt på oppdrettsnæringa bør utsettast eitt år, meiner Sjømat Norge.
Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) skriv i eit innlegg i NETT NO at det kan vere rom for justeringar av regjeringa sitt framlegg om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa.
Grunnrenteskatt er ein skatt på ekstraordinære gevinstar på å utnytte felles naturressursar. Framlegget frå regjeringa er ein grunnrenteskattesats på 40 prosent for oppdrettarane, i tillegg til den vanleg skattesatsen på 22 prosent.
Klinge peikar på spesielt på tre område som kan vere aktuelle å endre på:
* Kva pris som er utgangspunkt for berekning av gevinsten som skal skattleggast.
* Kor stort botnfrådraget før grunnrenteskatten slår inn skal vere.
* Kva for investeringar som skal vera frådragsberettiga, der heile investeringa kan trekkast frå på inntelta året etter at den er gjort. No er det berre investeringar i sjøfasen som er inkludert, medan investeringar på land ikkje er det, skriv Klinge i innlegget.
Går ikkje langt nok
Peder Weidemann Egseth, næringspolitisk sjef i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge, meiner Klinge ikkje kjem oppdrettsnæringa nok i møte.
- Det er meir enn dei områda Klinge peikar på som er problematiske, og eg opplever at Senterpartiet sitt landsstyre i sin uttale i dag (tysdag 25. oktober, red.merk) er meir open for diskusjon og innretning. Det er veldig bra, seier Weidemann Egseth.
Les uttalen frå Senterpartiet sitt landsstyremøte her
Øverst på lista hans står meir tid. Regjeringa vil ha vedtatt at dei nye skattereglane skal gjelde frå 1. januar 2023, men først diskutere og vedta korleis regelverket skal sjå ut neste år.
Weidemann Egseth vil utsette innføringa til 1. januar 2024, både fordi bedriftene skal få bu seg på regelverket som kjem og for å få ei grundigare behandling av framlegget om auka skatt.
Han understrekar at både oppdrettsselskapa og medlemane i Sjømat Norge er innstilt på at oppdrettsnæringa skal betale meir skatt, men ikkje den skatteauken regjeringa vil ha vedtatt.
Ubudd på konsekvensane
Regjeringa sitt framlegg vil skattelegge avkastninga på investeringa oppdrettsselskapa alt har gjort i anlegg i sjøene i så sterk grad at det svekkar deira evne til å finansiere det bransjen no investerer mest i; anlegg på land og industri for bearbeiding og vidareforedling av fisken.
Så langt har Sjømat Norge fått meldingar om at investeringsprosjekt for tilsaman 32,5 milliardar kroner er utsett eller avlyst på grunn av regjeringa sitt framlegg om å innføre grunnrenteskatt for oppdrettselskapa.
Weidemann Egseth trur Senterpartiet var ubudd på konsekvensane skatteframlegget ville få og at det no er vilje i partiet til å lytte til innvendingane - slik at det blir ein reell høyringsrunde om skatteframlegget.
Publisert: 26.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 21.04.2023 11:29