Ingen stoettar frislepp i fiskerinaeringa
KONTROVERSIELT: Leiaren i sjømatindustriutvalet, Ragnar Tveterås, leverte innstillinga si til fiskeriminister Elisabeth Aspaker 16. desember i fjor. Dei mest kontroversielle forslaga frå utvalet får hard medfart i høyringsrunden, som no er avslutta.
Nytt

Ingen støttar frislepp i fiskerinæringa

Sjømatindustriutvalet får kraftig motbør mot dei mest kontroversielle forslaga om å fjerne ein del av reguleringane i fiskerinæringa.

19.06.2015
(NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk): NTB har gått gjennom dei 40 høyringsfråsegnene som kom innan fristen torsdag. Dei er prega av den kraftige uroa som er skapt langs kysten etter den offentlege utgreiinga om korleis norsk fiskeindustri skal bli lønnsam.
Utgreiinga vart lagt fram i desember i fjor.

Delt utval

Mange av høyringsinstansane støttar føremålet og mange av forslaga i utgreiinga, men ingen blir med på heile den ferda som utvalsleiar Ragnar Tveterås inviterte til på Fiskerihøgskolen i Tromsø 16. desember i fjor.
Uroa knyter seg særleg til dei mest omfattande liberaliseringsforslaga, der også utvalet var delt i eit fleirtal og eit mindretal.
Det er stor skepsis til å la fiskeindustrien eige og fritt omsetje fiskekvotar utan kvotetak. Utvalet møter nesten inga forståing for ønsket om å fjerne fiskesalslagslova, som sist vart oppdatert i januar i fjor.
Mange er skeptiske til å fjerne leveringsplikta og foredlingsplikta, som skal sikre råstoff til nordnorsk fiskeindustri.

Direktorat-skepsis

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) skal i år leggje fram ei stortingsmelding om sjømatindustrien. Ho har fleire gonger avvist å ta stilling til dei mest omstridde forslaga og har heller invitert til ein brei debatt om næringa.
Aspakers eigne fagfolk i Fiskeridirektoratet er òg svært skeptiske til fleire av forslaga i høyringsfråsegna si.
Fiskeridirektør Liv Holmefjord gir knusande karakteristikkar av utvalsfleirtalet, som ho meiner ikkje har vurdert godt nok konsekvensane av forslaga.
– Etter Fiskeridirektoratets syn er det verken samfunnsmessig behov eller eit sakleg grunnlag for ei så dramatisk endring av samfunnskontrakten som det fleirtalet i utvalet legg opp til, heiter det i den 53 sider lange høyringsfråsegna.
Direktoratet er mot å la fiskeindustrien få eige kvotar og skeptisk til å fjerne kvotetaket, men ikkje til å fjerne leveringsplikta. Men direktoratet foreslår i staden at forpliktingane blir konverterte til «ein passande årlig avgift» som kan kanaliserast til dei lokalsamfunna som dette får konsekvensar for.

Industri-motstand

Heller ikkje i den delen av næringa som skal auke lønnsemda, får utvalsfleirtalet noka heilhjarta støtte. Norske sjømatbedrifters landsforening støttar mange av forslaga, men også dei er skeptiske til frie omsetjelege kvotar, strukturendringar og oppheving av kvotetak.
Fiskekjøpernes forening, som representerer ein del av dei mindre fiskemottaka nordpå, meiner Tveteråsutvalet bommar på ballen og gir eit «feilaktig inntrykk» av at norsk fisk er vanskeleg å selje. Dei vil til liks med Finnmark fylkeskommune overføre kvotar frå trålarane til kystflåten.
– Dersom forslaga frå Tveteråsutvalet blir følgt, kjem dette til å vere øydeleggjande for ein differensiert fiskeindustri med det resultatet at mange kystbygder blir lagt aude. I yttarste konsekvens blir allmenningressursane til verdipapir på børsen, skriv Fiskekjøpernes forening.

Vil avklare rettar

Interesseorganisasjonen Fiskebåt, som representerer dei store fiskebåtreiarane er positiv til mange av forslaga, men krev ei avklaring av retten til å hauste ressursane uavhengig av om forslaga blir gjennomførte.
Fiskebåt vil til liks med utvalsfleirtalet at omsetninga skal skje på ein fri og open marknadsplass, men seier seg einig med mindretalet i at fiskesalslagslova må få verke ei stund før ho blir vurdert endringa.

Publisert: 19.06.2015 14:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44