NPK: Noreg har vore ein pådrivar for å innføre den internasjonale konvensjonen ILO-188, som skal sikre betre arbeidsvilkår for fiskarar verda rundt, skriv . Noreg ratifiserte avtalen i januar i fjor, men hittil har den ikkje trådd i kraft fordi for få land har skrive under. No har nok andre land ratifisert avtalen, som betyr at den trer i kraft frå november i år.
Mesteparten av reglane i konvensjonen er allereie innført i Noreg, men fiskefartøy er unntatt frå reglane om ei nedre aldersgrense for å jobbe på fartøy. Frå november i år blir denne aldersgrensa sett til 15 år også på fiskebåtar.
Ein gjennomgang av fiskarmanntalet viser at det er to fiskarar i Noreg som er fødd i 2002. Aldersgrensa gjeld ikkje om fiskarane eig båten sjølv eller deltar i fisket som del av opplæring eller skulegang.
For andre sjøfolk enn fiskarar har det vore ei nedre aldersgrense for å jobbe på sjøen sidan sjømannslova i 1923, og skipssikkerheitslova frå 2007 set ei nedre aldersgrense på 16 år. Noko av årsaka til at fiskeflåten har vore unntatt regelverket, er at fiskaryrket tradisjonelt har gått i arv.
– Dette er ein konvensjon som gjeld i heile verda, og bakgrunnen for å innføre den er å betre arbeidsforholda for fiskarar verda rundt til eit akseptabelt nivå. I Noreg har vi hatt reglar for dette i mange år, men arbeidsvilkåra for fiskarar andre stader i verda er ikkje som i Noreg, seier Bruås.
Dei andre landa som har ratifisert avtalen er Angola, Argentina, Bosnia og Hercegovina, Kongo, Estland, Frankrike, Litauen, Marokko og Sør-Afrika.
Mesteparten av reglane i konvensjonen er allereie innført i Noreg, men fiskefartøy er unntatt frå reglane om ei nedre aldersgrense for å jobbe på fartøy. Frå november i år blir denne aldersgrensa sett til 15 år også på fiskebåtar.
Yrket går i arv
– Når minstealderen blir slik, betyr det at ein ikkje kan jobbe som fiskar før ein har fylt 15 år, seier Linda Bruås, avdelingsleiar i Sjøfartsdirektoratet, til Fiskeribladet.Ein gjennomgang av fiskarmanntalet viser at det er to fiskarar i Noreg som er fødd i 2002. Aldersgrensa gjeld ikkje om fiskarane eig båten sjølv eller deltar i fisket som del av opplæring eller skulegang.
For andre sjøfolk enn fiskarar har det vore ei nedre aldersgrense for å jobbe på sjøen sidan sjømannslova i 1923, og skipssikkerheitslova frå 2007 set ei nedre aldersgrense på 16 år. Noko av årsaka til at fiskeflåten har vore unntatt regelverket, er at fiskaryrket tradisjonelt har gått i arv.
Betre arbeidsvilkåra
Bruås påpeiker at bakgrunnen for aldersgrensa er å betre arbeidsvilkåra for fiskarar.– Dette er ein konvensjon som gjeld i heile verda, og bakgrunnen for å innføre den er å betre arbeidsforholda for fiskarar verda rundt til eit akseptabelt nivå. I Noreg har vi hatt reglar for dette i mange år, men arbeidsvilkåra for fiskarar andre stader i verda er ikkje som i Noreg, seier Bruås.
Dei andre landa som har ratifisert avtalen er Angola, Argentina, Bosnia og Hercegovina, Kongo, Estland, Frankrike, Litauen, Marokko og Sør-Afrika.
Publisert: 04.08.2017 15:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12