Innskota aukar meir enn utlaana
RESULTAT: Stabile tal frå Sparebanken Møre, som har berre lånt ut 1,1 milliardar kroner til offshorenæringa.
Nytt

Innskota aukar meir enn utlåna

Sparebanken Møre nyter no godt av lav eksponering i offshore. Kvartalsresultatet enda på 120 millionar kroner.

25.04.2016
Kvartalsresultatet er to millionar lavare enn tilsvarande kvartal i fjor.
Dette går fram av banken sine .
Resultatet før tap enda på 158 millionar kroner, ned frå 175 millionar i første kvartal i fjor.
Tapa i første kvartal var på to millionar kroner.

Innskotsvekst

Forvaltningskapitalen er no oppe i 60,1 milliardar kroner.
Utlåna har siste tolv månader auka med to prosent, medan innskota har auka med 4,4 prosent.
Ved utgangen av første kvartal utgjorde innskota 57,8 prosent som andel av utlån.
Rentenettoen vart redusert med fem millionar kroner, og enda på 250 millionar.

Lave offshorelån

Adm. dir Olav Arne Fiskerstrand viser til at drifstkostnadene er lave for banken.
- Vi driv kostnadseffektivt, og vi har lave tap.
Han viser spesielt til at berre 2,2 prosent av utlåna er knytta til offshore/supply. Det tilsvarar 1,1 milliardar kroner.
- Vi forventar at tapsnivået vil halde seg lavt i tida framover, seier Fiskerstrand og presiserer at fleire næringar i fylket nyter godt av lav kronekurs og eit vedvarande lavt rentenivå.
Banken har mellom anna lånt ut 2,9 milliardar kroner til fiskeri og seks milliardar til eigedomsprosjekt.

- Digitalt sprang

Fiskerstrand er også tilfreds med responsen på betalingsløysinga SKULS, der kundar kan overføre pengar via mobilnummer.
- Med SKULS har vi gjort eit digitalt sprang som gjer kvardagen enklare for våre kundar.

Les her:


Saka vert oppdatert.
Vi driv kostnadseffektivt, og vi har lave tap

Publisert: 25.04.2016 17:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55