Hurtigbåt montasje kart florø ålesund illustrasjon cowi rapport foto marius 11
VIL HA AVKLARING I ÅR: I løpet av året har fylkespolitikarane avgjort korleis ei ny rute via Stad skipstunnel skal vere, håpar fylkeskommunedirektøren. Kartet viser ruta som er vurdert i ein konsulentrapport frå 2019. Foto/illustrasjon: Marius Rosbach/COWI
Nytt

Grønt lys for nytt hurtigbåtprosjekt

Korleis kan Stad skipstunnel og kortare reisetid betre kommunikasjonen langs kysten? I løpet av året kjem truleg svaret.

Marius Rosbach
07.03.2022

Fylkeskommunedirektøren ber politikarane i Møre og Romsdal om å avklare premissane for hurtigbåtrute gjennom Stad skipstunnel i løpet av året.

Det kjem fram i arbeidet med eit nytt fylkeskommunalt prosjekt under oppsegling.

Ga grønt lys for oppstart
Samferdsleutvalet vedtok førre veke å opprette eit felles prosjektet med Vestland fylkeskommune om rutetilbodet for hurtigbåtar på strekninga.

– Prosjektet skal sjå nærare på korleis Stad skipstunnel og kortare reisetid, særleg på strekninga Florø-Ålesund kan utnyttast til å betre kommunikasjonane mellom fylka langs kysten, heiter det i saksutgreiinga.

Arbeidet skal munne ut i konseptskisser med forslag til løysingar på mellom anna trasé, rutetilbod, miljø, berekraft, infrastruktur og kostnader.

Skisserer anbodskonkurranse i 2024
Det går føre seg eit hektisk arbeid med Stad skipstunnel for tida. Val av entreprenør vil truleg skje i 2023. Målet er opning av tunnelen i 2026.

Fylkeskommunedirektøren skriv at det er ønskeleg med å behandling av hurtigbåtsaka i desember 2022, eller mars 2023. Då kan administrasjonen jobbe vidare med avtaler, og fylkestinget kan gjere eit endeleg vedtak på slutten av 2023.

Om tidsplanen held, kan arbeidet med å lyse ut anbod for ei ny hurtigbåtrute starte tidleg i 2024.

Skal jobbe med å finne koplingar
I samband med bygging av skipstunnelen er det store forventingar til at det vert etablert eit rutetilbod med hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund, påpeiker fylkeskommunedirektøren.

Vidare i arbeidet med prosjektet skal ein jobbe med å finne alternative rutetilbod mellom Florø og Ålesund og korleis desse kan koplas til eksisterande ruter.

Samferdsleutvalet ga i fjor også løyve til selskapet Cruise Service om drift av hurtigbåt mellom Ålesund og Stad, og sightseeingbåt i eit trekantsamband mellom Ålesund, Giske og Alnes. Løyvet gjaldt frå 2021 til 2031, men grunna koronapandemien starta ikkje selskapet opp i fjor.

Skal vere i tillegg til Hareid-Ålesund
Fylkeskommunedirektøren meiner at arbeidet med hurtigtilbodet på strekninga Florø-Måløy-Selje og Ålesund, ikkje bør vere avhengig av ekspressruta mellom Bergen og Selje.

Administrasjonen skriv også at det truleg ikkje er mogleg å hente synergiar med dagens hurtigbåtrute mellom Hareid og Ålesund.

– Eit eventuelt nytt tilbod Florø-Ålesund vil saman med det etablerte tilbodet Ålesund - Hareid og Bergen-Selje danne eit tilbod på strekninga Bergen-Ålesund, heiter det i vedtaket politikarane slutta seg til.

Det er tidlegare utarbeida ein rapport frå konsulentselskapet COWI om moglegheitene. Dei har mellom anna utforma fem konsept og vurdert desse.

Publisert: 07.03.2022 10:02

Sist oppdatert: 07.03.2022 10:23

Mer om