
Inntektene stupte etter rekordåret
Myklebust Verft-tala viser korleis det svingar for skipsbyggjarane. I år peikar pilane oppover igjen.
Myklebust Verft i Sande leverer eit rekneskap for 2023 som tydeleg viser korleis aktiviteten svingar for skipsbyggjarane på Nordvestlandet.
Etter rekordoverskot og inntekter på nær 1,3 milliardar i 2022, peika pilane nedover for verftet i fjor (sjå tabell under).
Rekneskapen viser ei omsetning på drygt 420 millionar etter eit år med lang mindre aktivitet, viser årsmeldinga.
Også overskotet blei betydeleg barbert frå over rekordhøge 105 millionar i 2022, til drygt 25 millionar kroner. Det er likevel det nest største overskotet for Sande-verftet dei siste fem åra.
Myklebust Verft (konsern) | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2023 | 2022 | |
Driftsinntekter | 420,5 | 1 283,6 | |
Driftsresultat | 25,4 | 104,6 | |
Resultat før skatt | 22,4 | 100,9 |
– Sensitive for større prosjekt
I alt 51 fartøy var innom verftet i løpet av 2023 og 32 av desse fekk også utført arbeid i flytedokka.
Mindre aktivitet på nybygg og større ombyggingar er årsaka til nedgangen i inntekter og lønnsemd for Myklebust Verft i fjor.
– Inntektene er sensitive for større prosjekt og nybygging, som det var mindre av i fjor. Med ein margin på fem-seks prosent, er vi likevel nøgd med det resultatet, seier administrerande direktør Leiv Sindre Muren til Nett No.

I gong med å rekruttere fleire folk
Nedgangen i aktivitet førte til færre tilsette i løpet av fjoråret. Verftet hadde i snitt 125 årsverk sysselsett i løpet av 2023, ein nedgang frå 146 året før.
No er arbeidsstokken i ferd med å krype oppover att og etter at verftet har fylt opp ordreboka med fleire nye kontraktar.
– Vi er kring 130 tilsette no og det vil auke litt utover året, seier Muren.
Les også
Ventar pluss-tal og inntektsauke
Allereie mot slutten av fjoråret sikra verftet seg ein nybyggingskontrakt på ein trålar. I januar kom nyheita om bygging av to hydrogenferjer for Torghatten. I tillegg skal verftet bygge eit konstruksjonsskip for Island Offshore.
Verftsdirektøren ventar at omsetninga vil auke igjen i år – men det store volumet kjem ikkje før seinare.
– Vi skal opp igjen og har lange ordrar som får effekt på litt lengre sikt, seier Muren som ventar ein topp i aktiviteten i 2026.
Styret ventar positivt resultat også i år, går det fram i årsmeldinga.
Publisert: 24.06.2024 11:47
Sist oppdatert: 24.06.2024 12:33