Maritim opptur – og trur det kjem meir
Denne trioen trur pilane vil peike vidare opp.
Fredag var ei rekke maritime bedrifter samla på Green Yard Kleven-verftet i Ulsteinvik i anledning eit samarbeid om bygging av militære skip.
Mellom dei var Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvarsen Haugan, Myklebust-verft-sjef Leiv Sindre Muren og Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog.
Oppdrag med å bygge standardiserte fartøy til forsvaret ligg i tilfelle fleire år fram i tid, men alle har på ulike vis godt med arbeid allereie. Og alle trur at aktiviteten berre vil gå vidare opp.
Sande-verft med velfylt ordrebok
Myklebust Verft skal bygge ei rad med skip dei neste åra. Det første nybygget som skal til utrustning er kjem inn er ein pelagisk trålar for eit skotsk reiarlag.
Deretter skal dei bygge to hydrogenferjer for Torghatten og eit offshoreskip for Rem Offshore.
– Vi er i ein startfase med å planlegge den oppbemanninga som vi skal gjennomføre – og er «on track» i det arbeidet, fortel Muren.
For augneblinken jobbar dei mellom anna med ei større ombygging av eit Island Offshore-skip. I 2026 vil aktiviteten vere på topp med fleire nybygg inne samtidig, fortel han.
Forsvarsskip kan skape forutsigbarheit
Samtidig er sjefen på Sande-verftet klar på at dei også gjerne er med å bygge nye skip til forsvaret.
Han kryssar difor fingrane for at samarbeidsprosjektet verftet er del av, hamnar i posisjon til å sikre seg kontraktar.
– Desse prosjekta kan gi ein forutsigbarheit i ordrehorisonten og moglegheit til å planlegge lengre fram i tid. Også er det naturlegvis ein viktig måte å bevare kompetansen vår på, legg han til.
– Aktiviteten tek seg opp
Kongsberg Maritime har lagt bak seg eit år med solid vekst – også i talet på tilsette på Nordvestlandet. Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvarsen Haugan fortel at ho ventar pilane peikar vidare opp.
– Vi ser at det er bevegelse i offshore og energimarknaden. Både innan offshore gass og offshore vind ser vi at aktiviteten tek seg opp, seier ho.
Ikkje minst er Haugan trygg på at det vil losne med salet av dei nye magnetdrivne thrusterane som blir laga i Ulsteinvik.
– I eit løp med dekarbonisering er elektrifisering heilt sentralt – og her kjem våre rim-thrusterar verkeleg til sin rett, legg ho til.
Nytt kontor og snart innflytting
Fredag slapp Kongsberg Gruppen nyheita om at dei startar opp eit nytt sjømilitært kontor i Ålesund. Her vil konsernet med det første starta jakta på mellom 5 og 15 tilsette.
Samtidig er Kongsberg Maritime i sluttfasen med den store ombygginga i Ulsteinvik.
Den offisielle innflyttingsfesten er planlagt å vere 26. september, men dei tilsette flyttar inn i sine nye kontorlokale allereie på slutten av sommaren.
«Ok» fjorår for Kleven
Green Yard Kleven har lagt bak seg eitt fjorår konsernsjef Hans Jørgen Fedog omtalar som «ok».
Sidan dei etablerte drifta i Ulsteinvik har verftet gjennomført fleire enn 60 oppdrag i retrofit-segmentet. Det største oppdraget er til kai for augneblinken, er ei ombygging av eit offshoreskip som skal leverast til eit japansk reiarlag over sommaren.
Resirkuleringa ved verftet er pågåande heile tida. Kleven-verftet samarbeider også med Green Yard Feda om fleire oppdrag, mellom anna mobilisering av ei seismikkskip for Siem Offshore.
«Jobbar iherdig» med å sikre nybygg
Det har vore spekulert i om det kjem nybyggingsoppdrag til verftet. Fedog forsikrar at det er noko «jobbar iherdig med».
– Men vi lanserer ingenting før alt er på plass, legg han til.
Tidlegare har Kleven bygd ein rekke skip til offshoremarknaden, men det er også bygd yachtar, fiskebåtar og mindre cruiseskip på verftet.
– Vi jobbar primært mot dei segmenta som Kleven har i tidlegare, spesielt tradisjonell offshore og offshore vind er marknader som er på veg til å bli bra, seier han.
Green Yard Kleven har no kring 200 personar i arbeid, der 70 av desse er fast tilsette.
Publisert: 01.06.2024 05:00
Sist oppdatert: 01.06.2024 00:27