Inntektsfall for Johs. Jacobsen
Volda-selskapet klarde seg godt gjennom pandemien - men fekk dett i fjor.
I 2008 omsette Johs. Jacobsen Kjøtt i Volda for 66 millionar kroner.
I fjor omsette selskapet for 35,0 millionar kroner, berre litt over halvparten frå rekordåret.
Klarde seg bra gjennom pandemien
Inntektene starta å peike nedover i 2011, og nådde eit botnpunkt med 30 millionar i omsetning i 2017.
Etterpå fulgde tre år der pilane peika oppover - også gjennom pandemien - før det vart ein ny dett i fjor.
Les også
Åtte årsverk
Kjøtforretninga i Volda tek mot heile skrottar og leverer tilskorne produkt både til restaurantmarknaden og til foredlingsbedrifter som leverer til butikkmarknaden.
Jacobsen har også eigne kjøtprodukt og fabrikkutsal med høgsesong før jul, med pinnekjøt og anna julemat.
Samla eigenkapital er på 8,3 millionar kroner for selskapet som i fjor sysselsette åtte årsverk.
Johs. Jacobsen Kjøtt er heileigd av Stig Jacobsen.
Johs. Jacobsen Kjøtt | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 35 | 42,6 | |
Driftsresultat | 0,7 | 1,3 | |
Resultat før skatt | 0,8 | 1,3 |
Publisert: 19.05.2023 05:00
Sist oppdatert: 18.05.2023 23:15