Internasjonal pris for Fosnavaag konserthus
PRIS: Logoen til Fosnavåg konserhus endrar form etter Beauforts skala, alt etter aktivitetsnivået i huset.
Nytt

Internasjonal pris for Fosnavåg konserthus

Oslo-selskapet Heydays vann torsdag ein stor internasjonal designpris for logoen til Fosnavåg konserthus.

22.05.2015
- Utruleg stas. Denne prisen heng skikkeleg høgt, seier dagleg leiar Fredrik Remøy i Fosnavåg konserthus.
Prisen galdt branding og vart delt ut under den prestisjetunge .

Ti logosymbol

Fredrik Remøy seier at Heydays har tatt utgangspunkt i Beuforts vindskala.
- Her er totalt ti logosymbol, som endrar seg i takt med aktiviteten i konserthuset.
- Her er det alt frå stille til storm, seier Remøy.

Endrar utsjånad

Han opplyser at gjennom sensorarar i bygget vert lyd og rørsler registrerte, og overførte til logoen, som endrar utsjånad etter Beuforts vindskala.
- Effektfullt og stilig, seier Remøy.
Tidlegare i år fekk Heydays prisen for , i kategorien visuell kommunikasjon. Denne prisen var også for Fosnavåg konserthus.
Her er det alt frå stille til storm

Publisert: 22.05.2015 18:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44