Flo Holding Stryn næringsbygg Rise foto Ogne
AKTIVITET: Med Johan Flo & Søn på plass i nytt bygg får næringsområdet aust for Stryn to handelsbedrifter. Området er regulert til mellom anna storhandelsbedrifter. Biletet er frå byggearbeid i desember 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Investerer 25 millionar i Stryn-handel

Ny aktør etablerer seg på næringsområde aust for sentrum.

07.02.2022

Sidan opninga i 2019 har Toyota Nordfjord & Førde vore åleine på Rise, eit planert næringsområde for mellom anna storhandelsbedrifter.

No er Flo Holding, morselskapet og eigedomselskapet til handelsbedrifta Johan Flo & Søn, i ferd med å bygge eit 2000 kvadratmeter stort bygg etter å ha kjøpt fire mål tomt på området. Johan Flo & Søn sel mellom anna tilhengarar og på Rise blir det butikk, verkstad og lager for tilhengarverksemda.

I Stryn sentrum skal Johan Flo & Søn halde fram med sine to andre verksemder, ein butikk i Jernia-kjeda og ein butikk for jaktutstyr, som er med i Jaktia-kjeda.

25 millionar
Til saman investerer Flo Holding omlag 25 millionar kroner i samband med etableringa på Rise, først og fremst i tomt og bygg, seier eigar og dagleg leiar Vidar Flo til NETT NO.

I 2020, som er sist tilgjenglege reknskapstal, hadde Johan Flo & Søn 38 millionar kroner i driftsinntekter - opp fra 29,2 millionar i 2018 - og eit resultat før skatt på 2,5 millionar kroner.

Ubygde tomter
Næringsarealet på Rise blei avtale seld frå kommunen i 2013 til tre ulike private selskap, men først overdratt til dei private eigarane i 2015, etter at det var ferdig planert.

Toyota Nordfjord & Førde opna forretning på si tomt i 2019, men på tomtene til dei to andre eigarane var det då framleis ingen aktivitet.

No er altså Johan Flo & Søn på veg inn, og det blir også arbeidd med etablering av ein drivstoffstasjon for storbilar, ifølgje Fjordingen.

Fleire år utan at det vart bygd noko på Rise gjorde at Stryn kommune no har ein klausul om gjenkjøpsrett til sjølvkost ved sal av næringsareal.

- For alle areal vi sel i dag legg vi inn ein klausul om at det må takast i bruk innan ein viss frist, sa plan- og næringssjef Gunnar Dvergsdal til NETT NO i 2019.

Publisert: 07.02.2022 06:00

Sist oppdatert: 06.02.2022 23:48

Mer om