Frida Voldnes foto Privat
STARTAR I HAUST: Frida Voldnes har i lengre tid førebudd ei traineeordninger for søre Sunnmøre i regi av Ulstein Næringsforum, med finansiering frå Sparebanken Møre og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Første kull startar til hausten. Foto: Privat
Nytt

Inviterer bedrifter med på traineeordning

Gjer nytt grep for å behalde og rekruttere fleire unge i distriktet.

Marius Rosbach
10.06.2024

Snart startar eit nytt traineeprogram for heile søre Sunnmøre.

Ulstein Næringsforum har regien, men programmet er for alle dei sju kommunane i regionen. No blir det etterlyst bedrifter og offentlege arbeidsgivarar som har lyst til å vere med på opplegget.

– Undersøkingar viser at trainee-ordningar er noko unge og nyutdanna ønsker. Det er også eit godt verkemiddel både for å få folk til å kome til regionen - men også for at å få dei til å bli, fortel Frida Voldnes til Nett No.

– Vi er ein mangfaldig region
Bakteppet for tiltaket er at mange unge i regionen flyttar vekk – og ikkje kjem tilbake i vaksen alder. Samtidig er det store behov for fleire folk rundt om i næringslivet og det offentlege i søre-kommunane.

I arbeidet er det avdekka ei misoppfatning om at regionen blir sett på som svært attraktiv for dei som vil jobbe innan maritim bransje – men at det er få interessante jobbar i andre bransjar.

– Målet er å vise at vi er ein mangfaldig region. Sjølv om vi er mest kjent for industrien med skipsbygging og møbel, så er det ei stor bredde blant bedriftene, seier Voldnes.

Difor ønsker dei no kontakt med bedrifter frå ulike bransjar – og alle søre-kommunane - som kan tenke seg å ta inn ein person via opplegget kalla Spring Trainee.

Startar til hausten
Voldnes fortel at planen er å starte opp med første traineekull tidleg i haust.

– Her får bedriftene ei unik moglegheit til å rekruttere nyutdanna, som er viktig for å vere framoverlente og nytenkande, seier ho.

Voldnes har leia et forprosjekt for ordninga og fortel at det allereie er lagt ned ein del arbeid med å finne ut korleis den bør utformast. Samtidig har dei eit samarbeid både med rekrutteringsselskapet Yapril og dei andre næringslaga i kommunane.

Blir «kopla på» lokalsamfunna
Opplegget går ut på at traineeane har lønna arbeid i bedrifta i ei periode på eitt år.

Programmet rettar seg spesielt mot unge vaksne som nettopp har fullført studie. Det er ei periode då dei unge ofte flyttar på seg.

Voldnes påpeiker at det gjeld for arbeidsgivarar frå regionen å melde seg på – og sørge for at dei vurderer å busette seg her.

– Ved at dei får jobberfaring i regionen blir dei «kopla på» lokalsamfunna ved at dei knyter både sosiale og profesjonelle nettverk. Då er sjansen også langt større for at dei blir buande etter at dei har vore gjennom traineeperioden, seier Voldnes.

Gode erfaringar i Molde
Fleire plassar på Nordvestlandet har erfaring med traineeordningar og Molde Næringsforum reetablerte sitt program i 2022.

Leiar Britt Flo i næringsforumet fortel at alle dei 22 som avslutta sitt trainee-år i fjor – framleis bur i regionen. I år er det 14 traineear som er med i ordninga – og alle har sagt at dei ønsker å bli.

– Vi må sjå resultata over tid, men at 100 prosent av dei som avslutta i fjor framleis er her, er veldig bra, seier Flo.

Ho påpeiker at opplegget og arrangementa også er ope for alle nytilsette som kjem til Molde.

Publisert: 10.06.2024 05:00

Sist oppdatert: 17.06.2024 08:55

Mer om