Island Commander i opplag
DÅRLEG MARKNAD: Håvard Ulstein i Island Offshore legg Island Commander i opplag.
Nytt

Island Commander i opplag

Island Offshore legg plattformforsyningsskipet Island Commander i opplag.

27.11.2015
- Marknaden for PSV’ar har utvikla seg negativt gjennom hausten, og det er trist å sjå at dette fantastiske fartøyet ikkje får oppdrag. Vi ser no ingen annan utveg enn å ta Island Commander ut av drift, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i ei pressemelding.
Artikkelen blir oppdatert
Reiarlaget vil framleis by ut båten for lengre oppdrag, og sette den i drift om den får kontrakt, i følgje pressemeldinga.

Sju i opplag

Medrekna Island Commander har Island Offshore sju farty i opplag, av ein flåte på 29. Tre av dei ligg i vinteropplag, og skal ut i oppdrag igjen i starten av 2016. Det er to brønnintervensjonsfarty og eitt ROV-farty.
Fire plattformforsyningsfarty ligg i opplag på ubestemt tid.

Lite permitteringar

Island Offshore har så langt berre eit fåtal permitterte, og har i stor grad funne nytt arbeid i reiarlaget for dei som segla på skipa som er lagt i opplag, i følgje kommunikasjonsjef Marianne Hovden.
Island Commander er bygd i 2009 hos det som i dag er Vard Breivik og har eit mannskap på 14. Selskapet er i dialog med kva som skal skje med mannskapet etter at skipet blir lagt i opplag, i følgje Hovden.

Publisert: 27.11.2015 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50