Island Offshore i skattetvist
TVIST: I førre veke feira Morten Ulstein (t.v) og Håvard Ulstein (nr. to frå høgre) dobbeldåp for Island Offshore. Etter jul blir rettsak mot staten etter ein skattetvist.
Nytt

Island Offshore i skattetvist

Strid mellom Island Offshore-selskap og Sentralskattekontoret for storbedrifter endar i retten.

12.11.2014
Oppfyller Island Offshore XII Ship as vilkåra for å komme inn under dei spesielle reglane for reiarlagsskattlegging, eller ei?
Det er temaet når selskapet og sentralskattekontoret for storbedrifter møtes i Sunnmøre Tingrett rett etter årsskiftet.
Utgangspunktet er usemje om likninga for åra 2009-2011, men det er først og fremst konsekvensane framover som gjer at reiarlaget går til retten, i følgje viseadministrerande direktør Tommy Valaunet i Island Offshore Management. Island Offshore Management driv fartya for Island Offshore XII Ship as.

Oppfyller ikkje krav

Selskap som kjem inn under reglane for reiarlagskattlegging betaler ikkje vanleg skatt på overskotet, men ei avgift knytt til tonnasjonen i reiarlaget. Dessutan slepp dei skatt på ein eventuell gevist, dersom skipet eller skipa i selskapet blir selde.
Isolert sett er dette attraktive vilkår å bli omfatta av, men Island Offshore XII Ship as får ikkje vere med.
- Usemja gjeld om selskapet oppfyller vilkåra for å kome inn under reiarlagskattereglane, seier advokat Morten Søvik. Søvik fører saka for Sentralskattekontoret for storbedrifter.

Vil ha endring

Island Offshore vil ha endra skattestyresmaktene sitt vedtak, slik at Island Offshore XII Ship as blir omfatta av reiarskattereglane.
- Saka er vesentleg for oss. Den vil påverke skattlegginga av selskapet for all framtid, seier Valaunet.
Han vil ikkje gå i detalj på kva striden står om, men seier det handlar om skattetekniske detaljar i krava til å bli omfatta av reiarskattereglane.

La om regelverket

Under den raudgrøne regjeringa og dåværende finansminister Kristin Halvorsen blei reiarskattlegginga lagt om. Etter den tidlegare ordninga var skattefritaket berre mellombels, i den nye er det permanent.
Då regelverket vart lagt om meinte regjeringa at reiarlaga måtte ut av den gamle ordninga, og betale attende den utsette skatten. Dermed utløyste regjeringa eit skattekrav som reiarane ikkje hadde budd seg på.
Ei rettsak, som Farstad Shipping stod i spissen for, enda med at Høgsterett kom til at regjeringa ikkje kunne gjere det på dette viset.
Resultatet ble at dei som ville ha skipa sine under den gamle ordninga skulle få lov til det. Dei som ville skifte, kunne gjere det mot å betale ein tredjepart av den utsette skatten. Nye skip skulle inn i den nye ordninga, om reiarane ønskte det.
Saka er vesentleg for oss. Den vil påverke skattlegginga av selskapet for all framtid

Publisert: 12.11.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38