Analyse: Om kring eitt år blir det truleg avgjort kven som får bygge 28 standardfartøy til det norske forsvaret.
Oppdraga er ikkje berre dei største til norsk verftsindustri nokon gong. Dei kan også bli langt større om ting skjer raskt nok og dei nye fartøya blir bra nok.
Ein rekke land skal vere interessert i å kjøpe skip frå Norge – om vi klarer å få dei klare i tide – og fartøya er bra nok.
Dette er regjeringa og forsvarsdepartementet fullstendig klar over. Statssekretær Marte Gerhardsen (Ap) er mellom dei som har vore tydeleg på at eksport av skip til andre nasjonar, er mellom måla med dei nye fartøya.
Allereie i vår starta dei første bedriftsleiarane i den maritime industrien å kome med hjartesukk om forsvarssamarbeidet. Sidan har det med jamne mellomrom kome hjartesukk om tempoet.
Då statssekretæren besøkte Ulstein Verft nyleg svara ho på kritikken om tidsbruken.
– Dette er ei veldig viktig avgjerd og vi har vore meir opptekne av at den skal vere god, enn at den skal vere for rask. Men vi må klare å halde tidsfristane, og vi må vere i stand til å levere båtar både til oss sjølv og allierte frå 2030, sa Gerhardsen.
Under Verftskonferansen i Ålesund denne veka kom det etterlengta informasjon om kva forsvaret er ute etter – og ikkje minst korleis dei ser føre seg prosessen vidare.
Først fortalde kommandørkaptein Torbjørn Grimeland i Sjøforsvaret kva fartøy dei vil ha.
Det skal vere 10 større havgåande skip på kring 90 meter og 18 mindre fartøy på kring 50 meter for kystnære område. Begge skal har ein fart på kring 20 knop og ha plass til både besetning og anna personell om bord.
Saman med dei nye fregattane Norge har bestilt frå Storbritannia, skal standardfartøya i to ulike storleiker erstatte ein rekke ulike fartøystyper forsvaret har i dag.
Grimeland la vekt på at det skal vere mogleg å utruste skipa på ulike måtar. Ubemanna system med dronar eller fjernstyrte farkostar vil truleg vere sentralt, og skipa skal kunne operere som morfartøy for slikt utstyr.
Prosjektleiar Robin Tomren i Forsvarsmateriell er den som har ansvaret for å lose innkjøpa i hamn. Under konferansen la han fram ein strategi for korleis dei ser føre seg å gå vidare.
Forsvarsmateriell legg opp til ein kort og intensiv fase for konseptdesign, som Tomren antyda til Nett No kunne vere på plass i løpet av første kvartal neste år.
Etterpå skal industrien konkurrerer om å få vere med. Det blir mellom anna opna for at oppdraga kan bli fordelt mellom ulike aktørar.
Undervegs skal Stortinget gjere eit vedtak om sjølve finansieringa. Om alt går etter planen kan det kring årsskiftet 2026/27 vere klart kven som får sjølve byggeoppdraga og levere utstyr til skipa.
Alt prosjektleiaren frå Forsvarsmateriell fortalde under Verftskonferansen var vel å merke deira forslag til Forsvarsdepartementet, noko Hamre understreka i sitt innlegg.
Per i dag ligg det til Forsvarsdepartementet å få saka eit steg vidare ved å gi grønt lys for eit sokalla forprosjekt. Først då kan Forsvarsmateriell som skal stå for innkjøpa, starte sitt arbeid.
Under Verftskonferansen fortalde prosjektleiaren at dei håpa å vere i gong i løpet av året.
Per no er situasjonen med andre ord at det har teke halvanna år å kome frå vedtak av langtidsplanen for forsvaret, til ein strategi for korleis ein skal kjøpe inn dei 28 fartøya.
Om vi spolar halvanna år fram i tid, er vi midt i 2027. Då skal ein ha gjennomført val av designkonsept, konkurranse for bygging og leveransar, kontraktstildeling, detaljutvikling av fartøya – og starta bygging.
Kongsberg - som sjølv har eit gjennomarbeida designkonsept klart - var raskt ute med å påpeike at det hasta med å kome vidare. Det er ein openberr eigeninteresse i eit slikt utspel - men det er også eit synspunkt som er lett å forstå ut frå planen om at dei første fartøya skal vere på vatnet i 2030.
Ein leverandør i konferansesalen stilte spørsmål ved om forsvaret var klar over at det kan vere opptil tre års bestillingstid på motorar. Det er eit godt spørsmål - som underteikna ikkje veit svaret på.
Det er i det minste godt at prosjektleiar Hamre forsikra at dei kjente seg godt skodde for å handtere ei stram tidslinje.
Publisert: 09.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 09.11.2025 14:33






