Island Offshore tilset fleire sjoefolk
OPTIMIST: Administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore treng fleire tilsette i reiarlaget. 
Nytt

Island Offshore tilset fleire sjøfolk

Vinteren har vore betre enn frykta for reiarlaget, som no bemannar opp. 

Marius Rosbach
13.01.2020
Reiarlaget Island Offshore er på jakt etter fleire tilsette og har lyst ut kring 15 stillingar til sjøs. I tillegg skal dei tilsette ny mannskapssjef ved hovudkontoret.
– Det er eit resultat av auka aktivitet og omorganisering, som no gjer at vi har behov for å styrke ulike delar av den seglande organisasjonen, fortel Island Offshore-direktør Tommy Walaunet til NETT NO.
Brønnintervensjonsfartøyet Island Frontier som skal på oppdrag utanlands, er mellom fartøya som nå treng nye folk om bord. I tillegg er det nye stillingar innan ulike departement på fleire fartøy.
Mannskapssjefstillinga er ein av to i denne rolla – og er utløyst ved at noverande sjef går av med pensjon.

Betre enn fjoråret

Veret i det siste har lagt ein naturleg dempar på spotmarknaden. Men elles ser Walaunet lysare på framtida enn på lenge.
– Vi hadde ei bra avslutning på året med betre aktivitet enn vi frykta, og 2020 har starta lovande. Totalt sett for året, ser det ut til at 2020 blir betre enn fjoråret, seier han.
Han har også god tru på at reiarlaget vil sikre seg meir arbeid i løpet av den komande tida.

Les også:



Treng snart ny refinansiering

Waleunet starta som administrerande direktør i det Ulstein-baserte reiarlaget i haust. for første gong.
Då la han vekt på at det var mykje å glede seg over, trass i tidende framleis er utfordrande. På det tidspunktet var reiarlaget igjen over 1000 tilsette, etter at å ha redusert arbeidsstokken i kjølvatnet av offshorenedturen.
Island Offshore var tidleg ute med å sikre seg refinansiering samanlikna med andre reiarlag, men i løpet av året må dei lande ein ny avtale med bankane for å handtere gjelda vidare.

Les også:


Island Offshore-direktør:

Publisert: 13.01.2020 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49