Island Offshorebaat paa Titanic ekspedisjon
TITANIC-EKSPEDISJON. Island Crown blir base for ekspedisjonsdeltakarar til vraket av Titanic neste sommar.
Nytt

Island Offshorebåt på Titanic-ekspedisjon

Subseakonstruksjonskipet Island Crown blir utleigd til ein ti veker lang Titanic-ekspedisjon neste år.

27.04.2017
Titanic-ekspedisjonen startar i mai neste år og er den første bemanna kartleggingsekspedisjonen til Titanic på ti år,
Kva reiarlaget får betalt for jobben er ikkje opplyst.
Island Crown skal vere base for ekspedisjonen og ha deltakarane buande på skipet.

Arbeid med vind til september

Skipet er nettopp ferdig med ein månadslang walk-to-work jobb for Bluestream på Nordsee One Windpark, og har denne veka starta på oppdraget for nederlandske Van Oord i same vindmøllepark. Fartøyet har arbeid fram mot slutten av september i år, i følgje børsmeldinga.
Island Crown er ein subseakonstruksjonsbåt som sidan levering frå verftet i 2013 hovedsakleg har jobba med walk-to-work arbeid på olje-, gass- og vindinstallasjonar.
Skipet vart tatt ut av vinteropplag i mars.

Publisert: 27.04.2017 15:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08