Isowest forventar lavare aktivitet
SULA: Isowest hadde eit godt år i 2014, men forventar lavare aktivitet i år.
Nytt

Isowest forventar lavare aktivitet

Sula-bedrifta Isowest merkar lavare aktivitet på verfta, og reknar med at 2015 vert eit år med nedgang i aktiviteten.

26.03.2015
- Men vi er likevel optimistiske. Vi har etter kvart også mange jobbar ved ulike landanlegg, seier dagleg leiar Roy Kåre Indrevåg.
I 2014 feira selskapet 20-årsjubiluem. Samstundes viser rekneskapstala rekordomsetning med 37 millionar kroner, opp 10 millionar frå året før.
- Ja, 2014 vart eit godt år for oss, seier Indrevåg.
Resultatet før skatt enda på 4,7 millionar kroner.

Hurtigruten

Indrevåg eig bedrifta saman med Frank Fylling, Geir Dybvik og Ivar Urke.
Isowest held til på Eidsnes, og har i dag tretten tilsette. Selskapet har spesialisert seg på innreiing og isolering av skip og landanlegg.
- Når det gjeld skip er det i stor grad reperasjonsmarknaden vi har konsentrert oss om. I første rekkje har vi hatt oppdraga på Fiskerstrand Veft, Vegsund Slip og Fyllingen Slipp, men også mange oppdrag direkte til reiarlag.
- Og så må vi også nemne at Hurtigruten er ein stor kunde, seier Indrevåg.

Uruguay og Tyrkia

Selskapet har i tillegg satsa på montering av kjøle- og fryserom til fiskeindustrien og annan næringsmiddelindustri.
- Her leverer vi både prefabrikerte og plassbygde løysingar, seier Indrevåg.
- Sjølv om mesteparten av oppdraga er i Ålesund-området, tek vi også oppdrag lenger vekke,
- Blant anna så hadde vi i 2014 oppdrag både i Uruguay og Tyrkia.
Han seier at det ikkje er aktuelt å auke talet på tilsette.
- Nei, det er ikkje det rette tida for å gjere.
Isowest har dei siste fem åra variert mellom 26 og 37 millionar kroner i omsetning, og eit resultat før skatt på mellom 2,8 og 4,7 millionar kroner.
Nei, det er ikkje det rette tida for å gjere

Publisert: 26.03.2015 07:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42