Jaktar 50 statistar til bilfilm
OPPDRAG: Henning Karlsen og bemanningsbyrået Verto Norge skal finne statistar til bilfilm.
Nytt

Jaktar 50 statistar til bilfilm

Bemanningsbyrået Verto Norge skal finne 50 statistar til kinofilmen Børning 2.

08.01.2016
Oppfølgjaren til kinosuksessen Børning startar innspeling i Fosnavåg i februar, og Herøy-baserte Verto Norge har i samarbeid med Herøy næringsforum fått oppdraget med å finne statistar. Dette opplyser Verto i ei pressemelding fredag.
– Vi treng minst 50 statistar til innspelinga som startar i Fosnavåg. Vil du ha ein sjanse til å vere med i ein stor norsk filmproduksjon, må du vere raskt ute, seier dagleg leiar Henning Karlsen i Verto.
Selskapet annonserer no etter statistar.

På vinterføre

Bilfilmen Børning var i 2014 ein av dei mest populære på norske kinoar, og forventningane til oppfølgjaren er store, seier Karlsen.
Regissør Hallvard Bræin har uttala at dette vert verdas første bilfilm på vinterføre.

- Fantastisk

Leiar Geir Idar Kvalsvik i Herøy næringsforum seier at det er fantastisk at Fosnavåg er valgt til sentral lokasjon i filmen.
- Regissørane synst naturen her er fantastisk, og mulegheitene for spektakulære scener er store.
- I tillegg vart det nemnd at bilmiljøet her ute i havgapet er flott, seier han i pressemeldinga.
Børning 2 kjem på kino til hausten

Publisert: 08.01.2016 23:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52