Rasmussen starta salskampanjen allereie på podiet klokka 16.00 i dag, då han takka for oppdraget og gratulerte Remøy med det det nye inspeksjons- og vedlikehaldsfartyet "Olympic Delta".
- Eg las i avisa (Vestlandsnytt, red. merk) at du skal selge Olympic Prawn og eg reknar med at du skal ha ein til, sa Rasmussen, og lova å ta opp temaet under taffelet etterpå.
Han har allereie hatt ei runde med verfta for å teste kva som kan bli prisen på eit nybygg. No er han i ferd med ei ny vurderinga av korleis skipet skal sjå ut og utrustast.
- Eg reknar med at vi skriv ein kontrakt til hausten, seier Remøy.
Remøy er ein av medeigarane i salsselskapet Coldwater Prawns of Norway, som har vore med på å løfte reker frå ei billeg vare nesten ingen ville fiske på til eit lønsamt produkt der det er blitt langt fleire på fiskefelta.
"Olympic Delta" er det 23. skipet i Olympic-flåten, og førebels det siste nybygget reiarlaget har hatt under bygging.
Skipet har ein treårig rammeavtale med det amerikanske selskapet Delta Subsea. I første omgang skal det på ein kortare jobb i Noreg, før det er meininga å setje kursen mot Mexicogulfen.
Bjørn Kvalsund i reiarlaget seier skipet kostar i underkant av 500 millionar kroner. Han vil ikke gå i detaljar om rammeavtalen ut over å seie at den omfattar oppdrag i "ein god del månadar".
Fartyet er 92,5 meter langt, 19 meter breidt og har plass til 80 personar. Det er teikna av skipsdesigmselskapet Marin Teknikk .
- Eg las i avisa (Vestlandsnytt, red. merk) at du skal selge Olympic Prawn og eg reknar med at du skal ha ein til, sa Rasmussen, og lova å ta opp temaet under taffelet etterpå.
Seld til Russland
16 år gamle Olympic Prawn er seld til russiske interesser. Ut over å seie at han er nøgd med prisen vil Remøy ikkje ut med salsummen.Han har allereie hatt ei runde med verfta for å teste kva som kan bli prisen på eit nybygg. No er han i ferd med ei ny vurderinga av korleis skipet skal sjå ut og utrustast.
- Eg reknar med at vi skriv ein kontrakt til hausten, seier Remøy.
Remøy er ein av medeigarane i salsselskapet Coldwater Prawns of Norway, som har vore med på å løfte reker frå ei billeg vare nesten ingen ville fiske på til eit lønsamt produkt der det er blitt langt fleire på fiskefelta.
Dåpsfest
Veret viste seg frå si beste side då Olympic Shipping og Kleven inviterte til skipsdåp og ope skip i dag."Olympic Delta" er det 23. skipet i Olympic-flåten, og førebels det siste nybygget reiarlaget har hatt under bygging.
Skipet har ein treårig rammeavtale med det amerikanske selskapet Delta Subsea. I første omgang skal det på ein kortare jobb i Noreg, før det er meininga å setje kursen mot Mexicogulfen.
Bjørn Kvalsund i reiarlaget seier skipet kostar i underkant av 500 millionar kroner. Han vil ikke gå i detaljar om rammeavtalen ut over å seie at den omfattar oppdrag i "ein god del månadar".
Fartyet er 92,5 meter langt, 19 meter breidt og har plass til 80 personar. Det er teikna av skipsdesigmselskapet Marin Teknikk .
Publisert: 04.07.2015 17:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45