Jets samarbeid i cruisemarknaden
SAMARBEID: Administrerande direktør Jan Tore Leikanger (t.v.) i Jets Vacuum og administrerande direktør Henrik Badin i Scanship går saman for å bli sterkare i cruisemarknaden.
Nytt

Jets-samarbeid i cruisemarknaden

Jets Vacuum og Scanship skal samarbeide for å vinne cruisemarknaden.

05.06.2015
Dei to selskapa har signert ein samarbeidsavtale om å levere utstyr for avløp- og avfallshandtering på cruiseskip.
Medan Jets Vacuum på Hareide leverer toalett og avløpsystem, har Scanship i Oslo spesialisert seg på system for reinsing av avløpsvatn, behandling av matavfall og søppelhandtering.

Utfyller kvarandre

Administrerande direktør Tore Leikanger i Jets Vacuum seier i ei pressemelding at dei to selskapa utfyller kvarandre.
Jets Vacuum har bestemt seg for å ta ein større del av cruismarknaden, og for å klare det må selskapet og tilby reinseløysingar. Selskapet har levert reinseanlegg til mindre skip, men ikkje i nærleiken av storleiken som må til cruiseindustrien. Difor satsar selskept på eir samarbeid med Scanship.

Jets er størst

Jets Vacuum hadde 368 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, og leverer årlege 30.000 vakumtoalett til ulike marknadar.
Scanship ASA , som er notert på Oslo Børs, hadde 145 millionar kroner i driftsinntekter. Selskapet har lever utstyr til 50 nybygg og 30 ombyggingae sidan starten i 1993.

Publisert: 05.06.2015 13:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44