Krafttak for hareid kollage 11
SAMARBEID: Blant samarbeidspartnarane er Hareid Group-sjef Olav Haug Vikebakk (øverst t.h), HR Rise-sjef Lars Ove Mork (nederst t.v), Ulmatec Handling Systems-sjef Iver Bjørnerem (i mditen). Til høgre prosjektleiar Julie Sundgot Andresen i Vekst i Hareid.
Nytt

Krafttak for Hareid

Næringsliv, skule og kommune går saman for å vise fram jobbane som finst i Hareid.

14.12.2021

I alt 30 aktørar - dei fleste bedrifter - har gått saman om ein samarbeidsavtale for å sikre at unge i Hareid skal få kjennskap til næringslivet i kommunen og vite kva slags jobbar som er der når dei er klare til å gå ut i arbeidslivet.

Det handlar om langsiktig rekrutteringsarbeid.

- Vi har forventningar om at vi skal klare å bevisstgjere ungdommen om kva som er av næringsliv her, breidda og tilbodet av jobbar. Ein treng ikke flytte vekk for å finne interessante jobbar seier dagleg leiar Iver Bjørnerem i Ulmatec Handling Systems, eitt av selskapa som er med på avtalen.

Program gjennom heile grunnskulen
Julie Sundgot Andersen i Vekst i Hareid har leia arbeidet med å etablere samarbeidet.

Elevar frå 1. til 10. klasse skal kvart år gjennom ulike aktivitetar for å lære kommunen og lokalsamfunnet sitt å kjenne, mellom anna gjennom bedriftsbesøk.

- I avtalen ligg der eit årshjul med aktivitetar som 1.-10. klasse skal igjennom. I dette årshjulet vil unge som veks opp i Hareid få innsyn i breidda i næringslivet gjennom bedriftsbesøk eller bedrifter som kjem inn på skulen. Vidare får dei kjennskap til lokalmiljøet, demokrati, næringshistorie/lokalhistorie og alle programma som Ungt Entreprenørskap tilbyr denne aldersgruppa. Dette har blitt eit stort og ambisiøst prosjekt som allereie får merksemd utanfor kommunegrensene. Eg får henvendelsar frå andre som ønskjer å vite meir om «Hareidsmodellen» og korleis vi har jobba med å få på plass dette, seier Sundgot Andersen.

Ho rosar alle som har vore med på å etablerer samarbeidet.

- Heile vegen i dette prosjektet har eg blitt møtt med positive folk som ønskjer å bidra og eg har lyst å skryte ekstra av skulane, alle lærarane og ikkje minst alle desse bedriftene som viser eit viktig samfunnsansvar her, seier Sundgot Andersen.

Byggje identitet

Etter avtalepartane si vurdering har Hareidsamfunnet meir å gå på når det gjeld å syte for at innbyggjarane får kjennskap til næringslivet i kommunen.

"Denne kunnskapen er heilt essensiell for å byggje identitet til Hareid og for å kunne sjå potensielle jobbmoglegheiter ved endt utdanning. Derfor er det svært viktig å starte tidleg med å introdusere den oppveksande generasjonen for kva næringslivet i Hareid har å by på og bruke tid på å bygge kunnskapen som gjer barna rusta til å ta kloke utdanningsval og sjå potensiale for karrieremoglegheiter i heimbygda", heiter det i avtalen.

Desse er med på avtalen:

Hareid kommune
Hareid ungdomsskule
Hareid barneskule
Hjørungavåg barneskule
Bigset barneskule
Brandal friskule
Vekst i Hareid
Mafoss
Hareid Næringsforum
Hareid Group
Ulmatec
DIMO
Jets Vaccum
NOSTEC
Intership
Pelagia Liavåg
Spenncon
HS Riise
Brekke & Kleppe Anlegg
Holstad Maskin
Hjørungdal gard
Sparebanken Møre
Libra Plast
Franzefoss Gjenvinning
Aasen Bil-Demontering
NCMC
Nanseth Media
Total-Bygg Hjørungavåg
Hadarhus
Ishavsmuseet Aarvak

Publisert: 14.12.2021 16:16

Sist oppdatert: 17.12.2021 09:06