Juvet sjefen Tragisk om reiselivsamling gaar i vasken
JA FRÅ JUVET: Dagleg leiar Knut Slinning i Juvet landskapshotell i Valldal vil ha eitt felles reiselivselskap for Nordvestlandet. Eit selskap berre for Geiranger/Trollstigen-området blir for smått, meiner han.
Nytt

Juvet-sjefen: Tragisk om reiselivsamling går i vasken

Medan reiselivsbedriftene i Geiranger tvilar er stemninga for å lage eitt stort reiselivselskap ei heilt anna hos naboane i Norddal kommune.

17.03.2015
- Det er forferdeleg leit om vi ikkje får det til, seier dagleg leiar Knut Slinning i Juvet landskapshotell i Norddal kommune om faren for at det ikkje blir samling av reiselivselskapa på Nordvestlandet.
Både i Nordfjord og på indre Sunnmøre er det heilt ope kva som blir utfallet på generalforsamlingane i dei to reiselivselskapa etter påske. Etter over eitt års arbeid kan samanslåingsprosessen bryte saman på målstreken.
Les meir under Relaterte saker

Synd for næringa

Blir det ikkje samanslåing er det synd for næringa, meiner Slinning.
- Eg oppfattar det som tragisk om ein ikkje får til dette etter den prosessen som har vore, seier han.
Det særmerkte hotellet Slinning driv har skapt ny blest om turistbygda, og Slinning er overtydd om at eit større destinasjonsselskap vil vere ein stor fordel.
- Å drive eit lite destinasjonsselskap som Destinasjon Geiranger-Trollstigen, det blir for lite, seier han.

Ser mot Ålesund

Næringssjef Toralf Klokkehaug i Nordal seier han ikke har registrert motstand frå reislivsbransjen i kommunen mot at reiselivselskapet Destinasjon Gerianger-Trollstigen skal bli ein del av eitt felles reiselivselskap på Nordvestlandet.
Blir samanslåinga ikkje noko av trur han reiselivsbedriftene i kommunen vil orientere seg meir mot Ålesund, sjølv om Klokkehaug ikkje ventar at Destinasjon Geiranger-Trollstigen vil gå i oppløysing ved eit nei.

Trappar ned

Nordal og Stranda kommune har til saman 98 av 251 aksjar i reiselivselskapet Destinasjon Geiranger-Trollstigen og er dei to største einskildaksjonærane i selskapet. Kommunenstyret i Nordal skal ta stilling til samanslåingsplanane på eit møte 26. mars.
Klokkehaug seier at uansett kva som skjer så vil kommune trappe kraftig ned på løyvinga til reiselivsnæringa. Dei siste åra har kommunen løyvd 1,2 millionar kroner årleg i drifta av Destinasjon Geiranger-Trollstigen.
Kommuneøkonomien gjer det rett og slett ikkje råd å halde fram med slike løyvingar, og truleg blir det snakk om minst ei halveringa av tilskotet.
Det er forferdeleg leit om vi ikkje får det til

Publisert: 17.03.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42