Romsdal E 39
FLASKEHALS: E136 gjennom Romsdalen har 7,5 kilometer utan gul midtline og flaskehalsar der to personbilar ikkje kan møtes, slik som denne jernbaneundergangen som vart vist fram under nettmøtet mellom Nye Veier og politikarar og næringslivsrepresentantar i dag.
Nytt

Kan bli E136-avgjerd til sommaren

I mai eller juni kan styret i Nye Veier få E136-utbygginga i Romsdalen på bordet.

28.01.2022

Manglande dokumentasjonsoverlevering frå Statens Vegvesen til Nye Veier har forseinka avgjerda om å kome i gang med utbetring av E136 i Romsdalen, men ikkje hindra Nye Veier i å starte førebuinga til ei utbygging.

I mai eller juni kan administrasjonen i Nye Veier vere klar til å legge fram eit forslag til vedtak i styret om å sette i gang utbygging og utbetring i Romsdalen. Det sa Finn Aasmund Hobbesland, direktør for planlegging og drift i Nye Veier, på eit dialogmøte om utbygging i dag.

I løpet av februar reknar han med at den naudsynte overleveringa av dokumentasjon frå Statens Vegvesen vil vere unngjort, og sa også at planleggingsarbeidet frå Nye Veier er i gang.

Misnøye
Tidlegare i januar blei det kjent at utskjelte E136 gjennom Romsdalen frå Åndalsnes til grensa for Innlandet fylke, ikkje kom med i den første pulja med prosjekt Nye Veier skal bygge.

Det utløyste sterke reaksjonar, både frå næringsliv og politikarar.

NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal sa til NRK Møre og Romsdal at han ikkje vil godta ei utsetting. Saman med LO, Møre og Romsdal fylkeskommune og regionråda har NHO sendt eit brev til Nye Veier der dei krev byggestart i år.

Nye Veier er oppretta for å teste ut nye måtar å gjennomføre større vegbyggingar på. Etter at politikarane avgjorde at E136-strekninga skulle overførast frå Statens Vegvesen til selskapet si portefølje, avgjer dei kva tid prosjektet skal byggast.

Vil utbetre eksisterande veg
Det har vore ulike forslag til ny veg på E136-strekninga. Kostnadane har variert frå meir enn 17 milliardar for heilt ny trasé på store delar av vegen, til to-tre milliardar for å utbetre vegen slik den går gjennom Romsdalen i dag.

Hobbesland har tidlegare antyda at ei løysing på nivå med det siste alternativet er mest truleg.

Ei slik utbygging vil innebere breiare veg, krabbefelt i motbakkane, meir rassikring, færre krappe svingar og fleire tryggare avkøyrsler.

Publisert: 28.01.2022 15:05

Sist oppdatert: 28.01.2022 15:34

Mer om