Helge orten loen foto marius 11
STILLER SPØRSMÅL: Stortingspolitikar Helge Orten (H) ber samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) vklare om det er gjort nye vurderingar i departementet om kven som skal ha ansvaret for E136-utbygginga frå Åndalsnes til Innlandet grense. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vegvesenet avviser politisk påverknad

Stortingspolitikar vil ha svar frå statsråden om kva som har skjedd med E136-utbygginga i Romsdalen.

Marius Rosbach
20.01.2022

Onsdag blei det kjent at E136-strekninga i Romsdalen ikkje var med på den første prioriteringslista det statlege utbyggingsselskapet Nye Veier.

I etterkant har stortingspolitikar Helge Orten (H) reagert på opplysningar i Romsdal Budstikke, om at arbeidet med å overføre dokument og planar frå Statens vegvesen til Nye Veier blei stoppa i haust.

Vil ha avklaring
Orten ber om svar frå samferdsleministeren om kva som har skjedd. Han viser til at politikarar frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet har vore usamd i avgjerda om å overføre strekninga frå vegvesenet til Nye Veier.

I det skriftlege spørsmålet til Jon-Ivar Nygård ber Høgre-politikaren statsråden avklare om det er gjort nye vurderingar i departementet om kven som skal ha ansvaret for strekninga.

– Ikkje uvilje mot å levere
Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen avviser ovanfor NETT NO at det er politisk påverknad som ligg bak.

– Det er heller ikkje uvilje mot å levere noko, men vi er opptekne av at dette skal vere ryddig, fortel han.

Fordi strekninga er ei sokalla utbetringsstrekning, er det ikkje gitt kven som skal ha ansvaret for drift, vedlikehald og framkommelegheit for trafikantane.

Dette må Statens vegvesenet og Nye Veier bli samde om. Det legg igjen grunnlaget for kva vegvesenet skal sende over til Nye Veier, forklarar Davik.

– Vi er avhengig av at desse forholda er tydeleg definert før vi er klare, og det er mykje jobb å sende over, legg han til.

Kjem med ny prioritering til sommaren
Arbeidet med å kome fram til ein avtale har gått føre seg frå i haust. Nye Veier har også vore på befaring og møtt politikarar og næringsliv, som har forklart kor viktig «eksportvegen» er for regionen.

– Det er ikkje langt unna at vi har dette på plass, og eg vil tru dette skjer i løpet av kort tid, legg Davik til.

Direktør for planlegging og drift i Nye Veier, Finn Aasmund Hobbesland, fortalde til NETT NO onsdag at selskapet vil ha to prioriteringar årleg – éin kring årsskiftet og éin om sommaren. Då blir det lagt fram kva strekningar dei vil lyse ut anbodskonkurranse for.

Etter at den førre regjeringa ga Nye Veier ansvaret for utbetringa langs eksportvegen, er det styret det i det statlege selskapet som avgjer kva tid prosjektet blir realisert.

Det er ikkje langt unna at vi har dette på plass, og eg vil tru dette skjer i løpet av kort tid
Finn Aasmund Hobbeslan

Vil utbetre eksisterande veg
Det har vore ulike forslag til ny veg på E136-strekninga. Kostnadane har variert frå meir enn 17 milliardar for heilt ny trase på store delar av vegen, til to-tre milliardar for å utbetre vegen slik den går gjennom Romsdalen i dag.

Hobbesland antyder at ei løysing på nivå med det sistenevnte alternativet er mest truleg.

Ei slik utbygging vil innbere breiare veg, krabbefelt i motbakkane, meir rassikring, færre krappe svingar og fleire tryggare avkøyrsler.

Publisert: 20.01.2022 12:30

Sist oppdatert: 20.01.2022 20:42

Mer om