E136 romsdalen innfelt espen remme skjermdump foto nho 11
VIL HA FORTGANG: NHO-direktør Espen Remme ser fram til å høyre forklaringa frå Nye Veier om kva som har skjedd med E136. Utbetring av den utskjelde strekninga blei overført frå Statens vegvesen til Nye Veier i fjor, men er ikkje prioritert i første runde frå det statlege selskapet. Skjermfoto/foto: Samferdselsløftet NHO
Nytt

Vil ha forklaring om E136

Underleg at eksportvegen ikkje er prioritert, meiner NHO-sjefen i Møre og Romsdal. No møtest ein rekke aktørar om saka.

Marius Rosbach
26.01.2022

Førre veke blei det kjent at E136-utbetringa gjennom Romsdalen ikkje er prioritert av Nye Veier. Det kom som ei overrasking hos mange i næringslivet.

Forklaringa til at E136 ikkje var med i denne runda, er at Nye Veier ikkje har oversendt dokumentasjonen dei treng frå Statens vegvesen for å gå vidare med planlegginga – og sende ut anbod.

– Sett i lys av at det har vore jobba med eksportvegen over så mange år og vore brei einigheit om at det er den viktigaste transportåra for fylke, så framstår det som underleg at det ikkje er prioritert – og at det ikkje er ei anna forklaring enn at dokumenta ikkje er oversendt, seier fylkesdirektør Espen Remme i Møre og Romsdal NHO til NETT NO.

Fleire aktørar i møte
Den manglande prioriteringa av strekninga som gjerne blir omtalt som eksportvegen har fått NHO-direktøren og fleire andre aktørar til å be om eit møte med Nye Veier.

Det vil i første omgang skje digitalt på fredag. Også pressa er invitert til dette møtet.

– Vi er utolmodige etter å få ei forklaring om kva som har skjedd. Samtidig er vi utolmodige når det gjeld tempoet i sjølve saka, forklarar Remme.

Ber om at E136 blir prioritert i år
I forkant av møtet har Remme sendt eit brev om saka saman med Tove-Lise Torve, regionleiar Kari Hoset Ansnes i LO Møre og Romsdal og leiarane i både Sunnmøre Regionråd og dei to interkommunale politiske råda på Nordmøre og i Romsdal.

Her skriv dei at E136-utbetringa ikkje tåler å bli utsett, og dei ber Nye Veier prioritere strekninga allereie i 2022.

Vi er utolmodige etter å få ei forklaring om kva som har skjedd
Espen Remme

Helge Orten (H) er mellom andre som har reagert, og bedt om ei forklaring frå samferdsleministeren i Stortinget.

Høgre-politikaren vil vite om det har vore politisk innblanding – noko vegvesenet sjølv har avvist. Onsdag morgon har statsråden ikkje besvart spørsmålet.

Stopp og ulukker viser behovet
Nye Veier har opplyst at neste runde med prioriterte prosjekt frå deira side, kjem til sommaren. Om E136 er med på lista då, må det sendast ut anbodskonkurranse og tilboda vurderast, før sjølve bygginga kan ta til.

Remme vil ikkje svare på korleis han ser på moglegheitene til å nå fram med ønske om oppstart i løpet av året.

– Det viktigaste for oss no, er å signalisere den ekstreme utlomodigheita som vi alle delar. Dei siste vekene og dagane med fleire stopp og ulukker på vegen, berre understrekar behovet for å gjere noko på strekninga, seier han.

Har fortald om konflikt

Det høyrer med til historia at prosjektleiar Rolf Arne Hamre i Statens vegvesen i eit intervju med Åndalsnes Avis har fortald om konfliktar i samarbeidet med Nye Veier kring E136.

Då NETT NO kontaktar Hamre onsdag fortel prosjektleiaren at han ikkje kan uttale seg om saka – og viser til utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.

Davik har tidlegare forklart seg om årsaka til at saka har teke tid - og opplyst at vegvesenet og Nye Veier må bli samde om kven som skal ha ansvar for drift og vedlikehald av vegen, før dokumentasjonen kan sendast over.

Delar av planane er «gryteklare»
Utbetringane som har vore planlagt på den problemfylte vegstrekninga omfattar ein rekke tiltak frå Hjelvik-tunnelen i Måndalen til Innlandet grense.

Utbyggingsdirektør Hamre stadfestar samtidig at delar av planane allereie er «gryteklare» og kan sendast ut. Det gjeld Stuguflåten-Raudstøl, der det er planlagt trefeltsveg med krabbefelt.

Kostnaden vil ligge på minst tre milliardar om alle tiltaka skal gjennomførast. Ei slik utbygging vil innbere breiare veg, krabbefelt i motbakkane, meir rassikring, færre krappe svingar og fleire tryggare avkøyrsler.

Kor mykje pengar som skal nyttast er ei vurdering som er overlatt til styret i Nye Veier.

Publisert: 26.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 26.01.2022 07:18

Mer om